Hopp til innhold

Sjukepleiar - 100% fast

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Storbruhaugen 36, 5955 Lindås

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar Lindås bu- og servicesenter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 26. oktober

Om stillinga

Vi søkjer etter sjukepleiarar til 100 % fast stilling i todelt turnus. I utgangspunktet er dette arbeid kvar 3. helg, men om du ønskjer kan det  vere mogleg med arbeid kvar 4. helg i langvakter. 
For eksterne søkjarar tilbyr vi rekrutteringstillegg på kr 50.000,- mot to års bindingstid ved tiltreding.


Om avdelinga

Lindås bu- og servicesenter er ein sjukeheim sentralt på Lindås med plass til 25 bebuarar, fordelt på 17 somatiske plassar og 8 skjerma plassar for personar som lever med demens.

Her jobbar det ein triveleg gjeng med godt humør og stort engasjement for eldreomsorg. Vi tilbyr ulike formar for aktivitet og underhaldning for våre bebuarar som bingo, konsertar, trim og mykje meir.

Vi har ein flott hage som er til stor glede for både bebuarar og tilsette.

For tida er det om lag 40 tilsette ved Lindås bu- og servicesenter.


Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar ved Lindås bu- og servicesenter skal du yte omsorgsfull og fagleg forsvarleg helsehjelp i tillegg til medisinsk behandling av bebuarane ved sjukeheimen. Du vil også rettleie studentar, elevar, lærlingar og kollegaer. 


Kompetansekrav

Vi søkjer ein fagleg trygg sjukepleiar med gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg. Du bør ha gode digitale ferdigheiter og evne til å strukturere både eigen og andre sin arbeidskvardag i tråd med dei krav som vert stilt til tenesta. God gjennomføringsevne, fleksibilitet, rolleforståing og ei løysningsorientert tilnærming er viktig i ein travel arbeidskvardag. Relevant vidareutdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav.


Kven er du?

Du har ein djup lidenskap for eldreomsorg og ønskjer å bidra til å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for bebuarar og kollegaer. Som ein sjølvstendig medarbeidar samarbeider du effektivt med andre. Du utøver yrket ditt med samvit og omsorg.


Vi tilbyr

  • Fagleg spennande arbeid
  • Årsturnus
  • Sjukepleiarar i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS
  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Kontaktperson for stillingen

Ingrid L. Haugland

Einingsleiar Lindås bu- og servicesenter

+4745375737

ingrid.lastad.haugland@alver.kommune.no

Om bedriften

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av Knarvik sjukeheim, Såta bu- og servicesenter, Lindås bu- og servicesenter, Meland sjukeheim, Velferdssenteret og Helsehuset. Sjukeheimstenesta har korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.

I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta. 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6b7b1f27-4ef9-47a8-8230-f867d8ba977a

Sist endret

8. oktober 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10311736

Lignende annonser

Laster lignende annonser