Lærar
Klepp kommune, Engelsvoll skule
Engelsvollvegen 91, 4353 Klepp Stasjon, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar
Oppstart
1. januar 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Engelsvoll skule har ledig ei lærarstillingar på mellomtrinnet frå 01.01.26. Stillinga er i utgangspunktet eit vikariat for ei av vore lærarar som skal ha barn, men det er stor moglegheit for fast stilling når vikariatet går ut.
Vi søker deg som er ein engasjert, tydeleg og omsorgsfull lærar. Du har solid relasjonskompetanse, ei inkluderandre og robust klasseleiing og trivst med arbeid i eit profesjonelt læringsfellesskap.
Kjernekomponentane våre mot 2028 er "den engasjerte eleven", utvikling av "det profesjonelle læringsfelleskapet" og "digitalisering". Vi tar del i Kleppskulen sitt satsingsområde Oracy, utviklar vårt eige skaparverkstad (maker space) og brukar Lesson study som metode. I tillegg er vi deltakare i Erasmus + sitt konsortium.
Engelsvoll skule er sentralt plassert nær tostasjonen Klepp stasjon. Det er ca. 10 minutt å gå frå togstasjonen til skulen. Skulen vår ligg nær Frøyandsvatnet med flotte natur- og aktivtetsområder, som skulen nyttar i ein aktiv og variert skulekvardag.
Dette skuleåret har vi 159 elevar og 24 tilsette; lærarar, barne- og ungdomsarbeidarar, miljørettleiare og skuleleiing (rektor og to avdelingsleiarar). I tillegg har vi skulekonsulent, byggdriftar og helsesjukepleiar. Det er høg og variert kompetanse blant dei tilsette, og vi håper at du vil vera med å vidareutvikla dette til det beste for elevar og kollegaer.
Arbeidsoppgåver
Vi søker etter deg som vil bidra til eit trygt, godt og inkluderande miljø for elevar og kollegaer. Det er difor viktig at ditt pedagogiske kompass er forankra i ein inkluderande pedagogikk der læring og utvikling skjer i aktivitet og saman med andre.
Kjerneoppgåva er undervisning. I tillegg er det ønskeleg at du kan påta deg kontaktlæraroppgåver, og arbeider for eit ivaretakande og raust samarbeid med heimane. For å kunne tilby elevane ei praktisk, variert og inkluderande undervisning, arbeider du i team med skuleleiinga, lærarar og fagarbeidarar.
Kvalifikasjonar
- Du har godkjent undervisningskompetanse 1.-7. trinn eller 5.-10. trinn. Det er ein fordel om du har undervisningserfaring.
- Du har gode munnlege og skriftelege ferdigheiter, i tillegg er du trygg i pedagogisk bruk av digitale verktøy.
- Du evner å realisere LK-20.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- I høve til opplæringslova er tilfredsstillande politiattest ei forutsetning for tilsetting.
Personlege eigenskapar
- Vi er opptatt av at Engelsvoll skule skal vera ein god plass for alle å vere. Vi leitar difor etter deg som har god relasjonskompetanse, er ein dyktig klasseleiar, likar å arbeide i team, men som og kan arbeida sjølvstendig og ta avgjersler på eiga hand.
- Du har godt humør og er positiv bidragsyter inn i eit samla personale. Du er opptatt av å skape gode sosiale- og faglege resultat for elevar og kollegaer. Du er tydeleg og raus, er robust og har styrke til å handtera uforutsette situasjonar.
Vi tilbyr
På Engelsvoll skule har vi det jillt. Vi tilbyr ein spennande og allsidig jobb der du kan vere med på å gjere ein forskjell for elevane våre gjennom å vidareutvikla eit godt lærings- og arbeidsmiljø.
Du vil sjøvsagt få støtte og opplæring for å kunne gjere ein god jobb. Veiledning for nyutdanna.
Gode velferds- og forsikringsordningar.
Lønn etter avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Lise Følgesvold Pedersen, Rektor, +47 45036415Arbeidsstad
Engelsvollvegen 914353 Klepp Stasjon
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 5018268620
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2026
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 05.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Lise Følgesvold Pedersen
Rektor
+47 45036415
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6b2733d0-d302-4c5f-b0c0-4a5a7064c001
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8302478584fe42d795ad4770160a6e4a