Hopp til innhold

Helsefagarbeidar/sjukepleiar 2.gongs utlysning

Arbeidsgiver

Sande kommune

Sted

Rønnebergplassen 17, 6084 Larsnes

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar/sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100% og deltid 80%
Arbeidstid
Natt
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 10. august

Institusjonstenesta ved Sandetun omsorgssenter har ledig stilling som helsefagarbeidar/sjukepleiar på natt med oppstart etter avtale. Vi søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar som ønsker å bidra til trygge og gode tenester.

Sandetun sjukeheim har to avdelingar med varierte og fagleg spanande oppgåver:
- Tingstova – somatisk sjukeheimsavdeling med langtids- og korttidsplassar, kommunal akutt døgneining (KAD) og avlastningsopphald
- Solsida – avdeling med langtidsplassar for personar med demensdiagnosar

Som helsefagarbeidar/sjukepleiar ved Sandetun får du arbeide tett på pasientar og pårørande, i eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på kvalitet, fagutvikling og gode pasientforløp.

Vi har ledig fast stilling i 80 % stilling med arbeidstid organisert på natt, med arbeid kvar andre eller tredje helg. 
Vi har i tillegg eit vikariat på 100 % stilling på natt.


Arbeidsoppgåver

  • Tilsyn, observasjon og medisinsk/pleiefaglig oppfølgning gjennom natta
  • Sikre god dokumentasjon, og ivareta retningsliner og krav til god 
  • Rettleie og samarbeide med anna helsepersonell

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Autorisasjon som helsefagarbeida
  • Kan jobbe sjølvstendig og i team og ta ansvar
  • Gode digitale ferdigheiter, erfaring med elektronisk pasientjournal er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Tilsettinga krev at tilfredsstillande politiattest vert framlagt før tiltreding.

Personlege eigenskapar

  • Inkluderande, handlekraftig og påliteleg
  • Tek initiativ og har gjennomføringsevne
  • Ansvarsbevisst, sjølvstendig og har evne til å ta avgjersler basert på fagleg kompetanse
  • God til å samarbeide, kommunisere og bygge relasjon til brukarar og kollega
  • Positiv og medverkar til eit godt arbeidsmiljø
  • Oppteken av tverrfagleg samarbeid på tvers av sektorar, tenestenivå og forvaltningsnivå

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.

Vi tilbyr

  • Lønn etter tariffavtale
  • Gode forsikringar og pensjonsordningar gjennom KLP
  • Stipendordningar ved videreutdanningar som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
  • IA-bedrift med fokus på trivsel, nærver og helse

Sande kommune er i kommunegruppe 6. Det vil sei at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1.januar 2025 årleg få sletta studielånet med kr. 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Camilla Higraff, Einingsleiar (vikar), 47998618, Camilla.okland.higraff@sande.kommune.no

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sande kommune

Referansenr.: 5150758488
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 10.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Camilla Higraff

Einingsleiar (vikar)

47998618

Camilla.okland.higraff@sande.kommune.no

Om bedriften

Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6af4ba8a-584a-4f60-af26-538819358aa0

Sist endret

13. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7a9d68d4ec7f492982fb007576bb9713

Lignende annonser

Laster lignende annonser