Hopp til innhold

Butikksjef -- Tysse Landhandel

Arbeidsgiver

Tysse Landhandel AS

Sted

Ytre Tysse 33, 5650 Tysse

Om jobben

Stillingstittel
Butikksjef
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Vil du ha ansvar for ein nærbutikk der god butikkdrift, personleg service og lokalt engasjement står i sentrum?

Me søkjer ein engasjert og sjølvstendig butikksjef som vil ta ansvar for den daglege drifta og vera med og utvikla tilbodet vidare.

Dette er ei praktisk leiarstilling for deg som likar ein variert arbeidskvardag. Du vil vera aktiv i den daglege butikkdrifta og tett på kundane, samtidig som du har ansvar for økonomi, varebestilling, lager, bemanning og planlegging.

God styring av vareflyt og økonomi er ein viktig del av rolla. Du må kunna vurdera kva og kor mykje som skal bestillast, følgja med på sal og lager og bidra til god lønsemd og minst mogleg svinn.

Butikken kombinerer bemanna opningstid med moderne sjølvbetening / fjernbetjening. Me leverer også middag og mat til lokal næringsverksemd og lokale kundar.

Dine viktigaste oppgåver

  • Ansvar for den daglege drifta og gode kundeopplevingar

  • Varebestilling, lagerstyring, vareflyt og utvikling av sortimentet

  • Oppfølging av sal, kostnader, svinn, budsjett og resultat

  • Planlegging og oppfølging av bemanning

  • Oppfølging av den sjølvbetente butikkdrifta

  • Koordinering og levering av matbestillingar

  • Marknadsføring, lokale aktivitetar og vidareutvikling av tilbodet

Du blir ein del av eit lite team på til saman om lag 1,5--2 årsverk. I tillegg til butikksjefen har me ein fast medarbeidar i deltidsstilling, ekstra bemanning i sommarsesongen og frivillige som bidrar med transport, bakvakt og diverse.

Kven ser me etter?

Me ser etter deg som tek ansvar, får ting gjort og trivst med å kombinera leiing med praktisk butikkarbeid.

Erfaring frå butikk, gjerne daglegvare, er ein fordel. Det same gjeld erfaring med leiing eller sjølvstendig driftsansvar, men me legg stor vekt på personlege eigenskapar.

Me trur du vil passa godt i stillinga dersom du:

  • Er sjølvstendig, strukturert og initiativrik

  • Har god økonomisk og kommersiell forståing

  • Har sans for varebestilling, lagerstyring og god vareflyt

  • Er opptatt av lønsemd, svinn og å ha rett vareutval til rett tid

  • Er serviceinnstilt og likar å arbeida med menneske

  • Har gode samarbeidsevner

  • Er komfortabel med digitale system og moderne butikkdrift

  • Har interesse for mat og gjerne erfaring med matlaging, catering eller enkel matproduksjon

  • Førarkort klasse B er eit krav.

Me tilbyr

  • Ei sjølvstendig leiarstilling med stor moglegheit til å påverka

  • Ein variert arbeidskvardag med både butikkdrift, kundekontakt og utviklingsoppgåver

  • Eit lite team med tett samarbeid

  • Stor grad av fleksibilitet

  • Moglegheit til å utvikla både sortimentet, butikken, mattilbodet og andre lokale tenester

  • Ein arbeidsplass med ei viktig rolle i lokalsamfunnet

  • Ordna løns- og arbeidsvilkår

Stilling: Opptil 100 %. Lågare stillingsprosent kan avtalast.
Tiltreding: Snarast
Søknadsfrist: Løpande

Søknader blir vurderte fortløpande, og stillinga kan bli besett når me finn den rette kandidaten.

Høyrest dette ut som noko for deg? Me vil gjerne høyra frå deg.

Om bedriften

Tysse Landhandel er ein lokalt eigd nærbutikk på kaien på historiske Ytre Tysse -- tusenårsstaden i Samnanger. Me ønskjer å vera eit godt og tilgjengeleg handelstilbod for bygda, og samtidig bidra til aktivitet og utvikling i lokalsamfunnet.

Butikken tilbyr daglegvarer og lokale produkt og kombinerer personleg service med ei moderne sjølvbetent butikkløysing frå Liberty Now (Mat-Norge). Det gir kundane høve til å handla frå tidleg morgon til midnatt, også utanom bemanna opningstid.

I tillegg leverer me mat og middagar til anleggsverksemd, samt lunsj, snittar og andre bestillingar til kommunen, private verksemder og lokale kundar.

Butikken er ein del av Snarkjøp Gruppen, men er lokalt eigd og har stor fridom til å tilpassa sortiment og tilbod til kundane og nærmiljøet.

Tysse Landhandel AS er eit aksjeselskap med eit ideelt, sosialt og lokalt føremål. Verksemda skal drivast på ein sunn og berekraftig økonomisk måte, men det blir ikkje betalt utbytte til eigarane. Eventuelle overskot går tilbake til verksemda og blir brukt til å vidareutvikla butikken og skapa nye tilbod i lokalsamfunnet.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6ae751f5-cf2c-4739-b542-1798298180f3

Sist endret

18. august 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

473051470

Lignende annonser

Laster lignende annonser