Jobbspesialist
Nav Bømlo
Kulturhusvegen 19, 5430 Bremnes, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Jobbspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Er du ein relasjonsbyggjar og vil jobbe med å gje menneske moglegheita til å bidra i arbeidslivet? Blir du motivert av å jobbe med menneske, har tru på at alle kan ta utdanning eller få og behalde ein ordinær jobb? Er du klar for å gjere ein skilnad? Då kan denne stillinga vere noko for deg!
Arbeid med støtte er eit tilbod gjennom Nav som hjelper personar over 16 år med behov for individuell oppfølging for å kome i og behalde ordinært arbeid over tid.
Me ynskjer å styrke vårt team med jobbspesialistar, vi søker difor etter ein motivert jobbspesialist med stort pågangsmot, gode samarbeidsevner og som har ein aktiv relasjon til arbeidsmarknaden.
Som jobbspesialist i Nav Sunnhordland vil du arbeide i team saman med andre jobbspesialistar i eit innovativt og nyskapande miljø. Du vil vere tilsett og ha kontorstad på Nav Bømlo, og ha store deler av tida di ute hos arbeidsgjevarar og på andre Nav-kontor i Sunnhordland.
Jobbspesialistane i Arbeid med støtte jobbar etter Supported Employment-metodikk (SE). Tiltaket er arbeidsretta med den hensikt å bistå Nav sine arbeidssøkere med å fullføre utdanning eller å skaffe og behalde arbeid.
Arbeidsoppgåver
I Arbeid med støtte nyttar vi IPS-metodikk i tett samarbeid med deltakar, utdanningsinstitusjoen, arbeidsgjevar og eventuelle samarbeidspartar. Dette betyr at du skal:
- fylgje opp 20 deltakarar etter SE-metodikk med tydelege mål om blant anna overgang til arbeid eller utdanning
- skapa og oppretthalde gode relasjonar med samarbeidspartar eksternt og internt, slik som Nav-rettleiarar og lokalt næringsliv
- rettleie deltakarar ved å identifisere interesser, styrkar, ferdigheiter og evner, og matche dette med riktig utdanning og arbeid
- dokumentere arbeidet i Nav sine fagsystem
- vere minst 65% av arbeidstida ute i lokalmiljø med personlege møte med deltakarar og studiestadar/arbeidsgjevarar
Nav er ein organisasjon i stadig utvikling og endring, arbeids- og ansvarsområdet for stillinga kan endre difor endre seg etter behov.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- Fullført utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule/universitet, fortrinnsvis innan helse- og sosialfag, pedagogikk og/ eller sal- og marknadsføring. Relevant utdanning og/eller erfaring kan kompensere for kravet til utdanning.
- Røynsle frå å jobbe med menneske i ulike og sårbare situasjonar
- God skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne (språknivå må tilsvare minimum B2)
- Gode samarbeidsevner og servicehaldningar
- Gode digitale ferdigheitar
- Førarkort klasse B
Det er ein fordel om du har:
- Kunnskap og erfaring innan rettleiings-, motivasjons- og endringsarbeid
- Erfaring med IPS eller kjennskap til prinsippa i IPS
- Erfaring frå oppsøkjande kundekontakt og nettverksbygging
Personlege eigenskapar
For å kunne trives og oppleve meistring i denne stillinga, er det særleg viktig at du har desse personlege eigenskapane:
Nettverksbyggjar: ved å byggje relasjonar og vedlikehalde eit nettverk, vil du lettare kunne finne gode jobbmoglegheitar for arbeidsøkjarane
Motstandsdyktig: å jobbe med menneske i utfordrande situasjonar over tid, kan være krevjande. Difor er det viktig at du også klarer å sjå moglegheitar, er positiv og har pågangsmot i utfordrande situasjoner
Samarbeider godt med andre: som rettleiar jobbar du ofte i team og må samarbeide med kolleg, arbeidsgjevarar og andre aktørar. Gode samarbeidsevner sikrar at du kan jobbe effektivt saman med andre for å oppnå felles mål, og gje best mogleg støtte til arbeidssøkjarane.
Har god planlegging og struktur: hjå oss styrer du i stor grad arbeidskvardagen din sjølv og difor er det viktig at du er sjølvgåande, klarar å ha god oversikt og planlegg vekene og oppgåvene dine på ein effektiv måte
Tilpasningsdyktig: du handterer uføresette hendingar på ein fleksibel måte og omprioriterer arbeid når omstendene krever det
Som tilsett hos oss får du
- Ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- Store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
- Stillinga blir plassert i stillingskode 1434 rådgivar. Lønsspennet er frå kr. 570 000 til kr. 635 000 per år. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
Les meir om Nav som arbeidsgivar.
Kontaktinformasjon
Kenneth Olav Magnussen, Metoderettleiar , 975 11 362, Kenneth.Olav.Magnussen@nav.noElisabeth Haugen, Leiar Nav Bømlo, 911 25 279, elisabeth.haugen@nav.no
Arbeidsstad
Kulturhusvegen 195430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 5015290479
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.10.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6adb58a5-bee3-4661-8716-69e470b62044
- Hentet fra
talentech
- Referanse
812cdbb27bf147fbbcf582f1866ff135