Førstekonsulent
Mattilsynet
0170 Oslo, 2383 Brumunddal
Om jobben
- Stillingstittel
- Førstekonsulent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 14. september
Vil du jobbe med innsyn i ei verksemd med stort samfunnsansvar?
Mattilsynet har eit viktig samfunnsoppdrag: å bidra til ei trygg framtid for menneske, dyr og natur. Vi sørgjer for trygg mat, god dyrehelse og god dyrevelferd. Som tilsett hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med gode moglegheiter for samarbeid og fagleg utvikling.
Mattilsynet mottar mange innsynskrav kvart år. Derfor søkjer vi nå ein ny medarbeidar til innsynsteamet ved hovudkontoret.
Stillinga er plassert i seksjon dokumentasjonsforvaltning, som har ansvar for dokumentasjonsforvaltning, arkiv og innsyn. Seksjonen bidrar til å sikre openheit og tillit til Mattilsynets arbeid. Arbeidsstad vil vere Oslo eller Brumunddal.
Innsynsteamet behandlar innsynskrav som blir sende til hovudkontoret, og handterer klager i saker der hovudkontoret er førsteinstans. Dette er eit viktig fagområde som bidrar til offentleg innsyn og rettssikkerheit. Du vil samarbeide tett med teamkoordinatoren for innsynsteamet.
Vi ser etter deg som er motivert av samfunnsoppdraget vårt, og som kjenner deg igjen i verdiane våre: open, tydeleg, kompetent og løysingsorientert.
Sentrale arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
Ønskte kvalifikasjonskrav
Personlege eigenskapar
Vi vil leggje vekt på personlege eigenskapar og motivasjon.
Vi tilbyr
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med leiar Katarina Lund Solli på tlf. 48 11 85 89 dersom du har spørsmål om stillinga.
Slik søkjer du
Vi tek berre imot søknadar elektronisk. Vi ber om at du lastar opp vitnemål via Vitnemålsportalen. Dette sikrar ei enkel og sikker overføring av dokumenta dine. For meir informasjon om korleis du bruker Vitnemålsportalen, besøk vitnemålsportalen.no. Søkjarar som ikkje har moglegheit for det, legg inn attestar og vitnemål som vedlegg til søknaden.
Saman tryggjer vi framtida for menneske dyr og natur
Det er både visjonen vår og eit uttrykk for korleis vi jobbar saman for å løyse det viktige samfunnsoppdraget vårt. Vi utviklar organisasjonen og løysningane vi leverer, med utgangspunkt i behova til brukarane våre.
I Mattilsynet er vi over 1 200 kollegaer over heile landet, med kompetanse på mange fagfelt. Vi er blant anna veterinærar, biologar, juristar, teknologar og medarbeidarar med bakgrunn innan næringsmiddelproduksjon og forvaltning. Saman bidreg vi blant anna til trygg mat og trygt drikkevatn, god dyrehelse og dyrevelferd og god plantehelse.
Mattilsynet er eit statleg forvaltningsorgan og rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Du kan lese meir om oss på mattilsynet.no.
Inkludering og mangfald er ei styrke for Mattilsynet. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene på ein endå betre måte. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en og/eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer jobb hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg dersom du treng det. Vi bruker berre avkryssingane til å velje ut rette kandidatar og til anonymisert statistikk.

- Saksbehandle innsynskrav i samsvar med offentleglova.
- Saksførebuing ved klage på avslag på innsyn der eitt av dei tre eigardepartementa våre er klageinstans.
- Rettleie tilsette i samband med innsyn og journalføring.
- Vidareutvikle rutinar for handtering av innsynskrav.
- Du må også rekne med andre oppgåver innan det samla ansvarsområdet for avdelinga/seksjonen.
Kvalifikasjonskrav
- Bachelorgrad i rettsvitskap eller mastergrad i rettsvitskap.
- God kunnskap om forvaltningsrett.
- Saksbehandlarerfaring frå offentleg forvaltning.
- God skriftleg og munnleg formuleringsevne på norsk.
Ønskte kvalifikasjonskrav
- Interesse for og kunnskap om personvernregelverket (GDPR).
- God kunnskap om offentleglova samt arkivlova med forskrifter.
Personlege eigenskapar
- Du arbeider raskt, er strukturert og nøyaktig, har gode samarbeidsevner og trivst både med å jobbe i team og med sjølvstendig arbeid.
- Du har evne til raskt å setje deg inn i aktuelle saksbehandlingssystem og digitale verktøy.
- Du er open, kommuniserer klart og tydeleg, deler synspunkta dine og bidrar til å gjere kollegaene dine gode.
- Du må trivast med rutineoppgåver, samtidig som du kan bidra til utvikling av rutinar og prosessar.
Vi vil leggje vekt på personlege eigenskapar og motivasjon.
Vi tilbyr
- Fast stilling som førstekonsulent (stillingskode 1408) med lønn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. For tida frå kr 590 000 til kr 650 000 for tilsvarande stillingar i Mattilsynet. For kandidat med mastergrad i rettsvitskap, stilling som rådgivar (stillingskode 1434) med høgare lønn.
- Fine og moderne kontorlokale sentralt i Oslo eller Brumunddal.
- Gode arbeidstidsordningar (fleksibel arbeidstid, sommar- og vintertid) og moglegheit for inntil to dagar heimekontor i veka.
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse med gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med leiar Katarina Lund Solli på tlf. 48 11 85 89 dersom du har spørsmål om stillinga.
Slik søkjer du
Vi tek berre imot søknadar elektronisk. Vi ber om at du lastar opp vitnemål via Vitnemålsportalen. Dette sikrar ei enkel og sikker overføring av dokumenta dine. For meir informasjon om korleis du bruker Vitnemålsportalen, besøk vitnemålsportalen.no. Søkjarar som ikkje har moglegheit for det, legg inn attestar og vitnemål som vedlegg til søknaden.
Saman tryggjer vi framtida for menneske dyr og natur
Det er både visjonen vår og eit uttrykk for korleis vi jobbar saman for å løyse det viktige samfunnsoppdraget vårt. Vi utviklar organisasjonen og løysningane vi leverer, med utgangspunkt i behova til brukarane våre.
I Mattilsynet er vi over 1 200 kollegaer over heile landet, med kompetanse på mange fagfelt. Vi er blant anna veterinærar, biologar, juristar, teknologar og medarbeidarar med bakgrunn innan næringsmiddelproduksjon og forvaltning. Saman bidreg vi blant anna til trygg mat og trygt drikkevatn, god dyrehelse og dyrevelferd og god plantehelse.
Mattilsynet er eit statleg forvaltningsorgan og rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Du kan lese meir om oss på mattilsynet.no.
Inkludering og mangfald er ei styrke for Mattilsynet. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene på ein endå betre måte. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en og/eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer jobb hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg dersom du treng det. Vi bruker berre avkryssingane til å velje ut rette kandidatar og til anonymisert statistikk.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6adabe0b-6ce3-45fe-90cd-044f0f49f9b6
- Sist endret
31. august 2026
- Hentet fra
sap
- Referanse
707