ID 2364 Rådgjevar - Fagavdeling rehabilitering, helse og omsorg
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. oktober
Til Rehabilitering, helse og omsorg i Stord kommune ligg einingane tildelingskontor, NAV, tenester til heimebuande, legetenester/kommuneoverlege og institusjonstenester. Samla er det om lag 700 tilsette som er tilsett i desse einingane. Fagavdelinga gjev faglege råd og administrativ støtte til Kommunalsjef og einingsleiarane.
Kommunehelsetenesta skal tilpassa seg dei demografiske endringane i samfunnet og står overfor store omstillingar. Fagavdelinga er sentral i utviklinga av kommunen sine helse- og omsorgstenester.
No treng me ein ny rådgjevar i fagavdelinga vår. Stillinga er førebels ei 100% prosjektstilling over to år som kan bli forlenga.Har du leiarerfaring og stor forståing for kva det vil sei å jobba i ein politisk styrt organisasjon? Er du allsidig og god på munnleg og skriftleg saksframstilling?
Om du i tillegg har god arbeidskapasitet, jobbar systematisk, er omgjengeleg, serviceinnstilt og ein god lagspelar, då kan du vera vår nye rådgjevar.
Arbeidsoppgåver;-
Gje faglege råd og administrativ støtte til kommunalsjef og leiarar i einingane
-
Skriftleg og munnleg saksframstilling
-
Plan- og utviklingsarbeid
-
Aktiv når det gjeld å søkja på ulike stønadsordningar i takt med utviklingsarbeid i sektoren
-
Ulike koordinering- og rapporteringsoppgåver for einingane, og følgje opp saker som famnar om fleire einingar
-
Organisere møtearenaer, vere referent og tidvis møteleiar
-
Samhandling internt og eksternt
-
Generell leiarstøtte, sparring/rådgjeving og hjelp til å finna handlingsrom i eit juridisk, fagleg, organisatorisk perspektiv. Samt rettleiing i utøving av leiarskap
-
Koordinering og oppfølging når det gjeld tilsyn, revisjonar og klagesaker m.v.
-
Fasilitere, presentere og representere kommunen i ulike fora
-
Bidragsytar i forbetringsarbeid
-
Medverka til fagutvikling på tvers av einingar
-
Kontroll- analyse og rapporteringsoppgåver samt driva internt tilsyn.
-
Vera oppdatert på nasjonale satsingsområde som er aktuelle for våre tenester, herunder å følgje opp nye lover og retningsliner.
-
Arbeidsoppgåvene vil vera dynamiske og nye oppgåver kan bli lagt til, på sikt kan det også bli aktuelt med leiaroppgåver.
-
Helse/sosialfagleg utdanning på minst bachelor nivå, eventuelt formell juridisk kompetanse som inkluderer relevant erfaring.
-
Det er ynskjeleg med erfaring frå kommunehelsetenesta
-
Det er ynskjeleg med leiarerfaring og leiarutdanning
-
God kjennskap til aktuelle lovverk
-
Sterk munnleg og skriftleg framstillingsevne
-
Kunnskap om økonomistyring
-
Høg digital kompetanse
Er dette noko for deg?
Vil du vera med på laget vårt?
Då gler me oss til å høyra frå nettopp deg.
Me kan tilby:-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysninga får ein ved å venda seg til Kommunalsjef Anne Karin Fossdal,
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6ad3920a-865b-4a71-a1fb-f3997eee5af3
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
6ad3920a-865b-4a71-a1fb-f3997eee5af3