Sjukepleiar 100 % stilling ved Ørskog heimeteneste
Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
Steinholtvegen, 6240 Ørskog, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar 100 % stilling ved Ørskog heimeteneste
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
I distriktet Ørskog, har vi ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i heimetenesten. Arbeid er på dag/kveld og med arbeid kvar 3.helg.
Verksemda har økonomisk rekrutteringstiltak for sjukepleiarar.
Heimetenesten består av heimebuande i distriktet Ørskog, samt omsorgsbustader.
Kontorbasen vår er lokalisert ved Steinholt Busenter. I same bygg har ein både
Dagsenter for heimebuande frå Skodje og Ørskog, samt omsorgsleiligheter.
Heimetenesten har fleire brukarar som bur i omsorgsleiligheter, både ved Steinholt Busenter, men også Steinaplassen omsorgsbustader, som er
lokalisert i same bygg som Ørskog omsorgssenter. Vi har eit tett
samarbeid med Ørskog omsorgssenter.
Vi yter tenester til heimebuande. Både til relativt friske brukarar, men også
til alvorleg sjuke brukarar som krever høg fagleg kompetanse. Heimetenesten er
opptatt av å yte gode og verdige tenester i brukarane sitt eige og trygge
miljø. Vi nyttar ein del velferdsteknologisk utstyr. Dette som støtte og hjelp
for å kunne gi brukarane meir friheit til å bu trygt heime.
I tenesten blir det nytta kommunale bilar som står under carport
ved kontorbasen.
Ørskog er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I
nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir
utfordrande. Ein har butikk og shopping i nærleiken, både på Digernes, Moa og
Ålesund sentrum.
Lokalmiljøet i distriktet Ørskog har elles mykje å by på. Barne og
ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og
kultur, osv.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer.
- Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen).
- Legemiddelhåndtering
- Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar.
- Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar.
- Fremje godt tverrfagleg samarbeid med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut og anna helsepersonell
- Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar.
- Bidra til utvikling, engasjement og fagleg oppdatering på arbeidsplassen
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sykepleiar.
- Relevant erfaring er ein fordel, men ikkje eit krav
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
- Beherske IKT-verktøy
- Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
- Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
- Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
- Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm)
- Førerkort klasse B manuell
Personlege eigenskapar
- Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten
- Et støttende og engasjert kollegialt miljø
- Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
- Sjølvstendig og samarbeidsorientert
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Løn og arbeidsvilkår etter Ålesund kommune sitt lønnsregulativ
- KLP pensjonsordning - Gode pensjonsordning, bustadlånsordning og ulykkes- og gruppelivsforsikring
- Har godkjent Bedriftshelsetjeneste
Kontaktinformasjon
Maren Langlo Kongsnes, Avdelingsleiar, 950 65 938, maren.langlo.kongsnes@alesund.kommune.noLinn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Steinholtvegen6240 Ørskog
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 5008755683
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6a3b9209-cf04-4657-9424-fef0a7bc660e
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c2f41c3110484895b2449c897932fd33