Hopp til innhold

Vil du vere med å forme framtidas offentlege innkjøp i Midt- og Vest-Telemark?

Arbeidsgiver

Telemark Innkjøpssamarbeid KO 

Sted

Bøgata 67, 3800 Bø i Telemark

Om jobben

Oppstart
1. desember 2026
Stillingstittel
Rådgiver/spesialkonsulent offentlige anskaffelser - fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid

Søk på jobben

Søk senest onsdag 2. september

Telemark innkjøpssamarbeid KO (TIS) søkjer ein engasjert innkjøpsrådgjevar som ønskjer å bruke kompetansen sin til å skape verdiar for sju samarbeidskommunar i Midt- og Vest-Telemark. Gjennom strategiske og berekraftige anskaffingar bidreg vi til gode tenester, smart ressursbruk og ei framtidsretta utvikling av kommunesektoren.


Hos oss får du ei nøkkelrolle i eit kompetent og dyktig fagmiljø med høge ambisjonar. Du vil samarbeide tett med ulike fagområde, leie spennande anskaffingsprosessar og vere med på å forme framtidas innkjøpsarbeid i kommunane. I dag har TIS fire medarbeidarar som verdset samarbeid, nytenking og fagleg utvikling. Nå ønskjer vi å styrkje laget med ein ny kollega.

Vi trur at dyktige fagfolk blir motiverte av å lære meir, påverke og utvikle seg. Derfor legg vi stor vekt på fagleg utvikling, kunnskapsdeling og samarbeid. Vi gjennomfører anskaffingar som spenner over mange fagområde og store verdiar. Hos oss får du stor påverknad på eigen arbeidskvardag, blir ein del av eit sterkt fagleg nettverk og kollegaer som deler entusiasmen for gode offentlege anskaffingar. Vi har eit godt arbeidsmiljø der vi har stor takhøgd, rom for idear, innovasjon og latter.

     

Arbeidsoppgåver

  • Leie og gjennomføre anskaffingsprosessar frå idé til ferdig avtale/kontrakt, i tett samarbeid med fagmiljø og leverandørar
  • Analysere innkjøpsdata, evaluere avtalar og identifisere moglegheiter for forbetring og gevinstrealisering
  • Utarbeide konkurransegrunnlag og avtalar, gjennomføre marknadsdialog, forhandlingar, evaluere tilbod og bidra til å sikre dei beste løysingane for kommunane
  • Følgje opp rammeavtalar og leverandørar i samarbeid med vår avtaleforvaltar for å bidra til gode leveransar, berekraftige løysingar og effektiv ressursbruk
  • Vere ein fagleg sparringspartnar og rådgjevar for kommunane i spørsmål knytte til offentlege anskaffingar
  • Bidra til kompetansebygging gjennom rettleiing, opplæring og deling av kunnskap på tvers av kommunane
  • Delta aktivt i utviklinga av TIS og bidra til nye arbeidsmåtar, innovasjon og kvalitetsforbetring innan innkjøpsfaget

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar
  • Minst 3 års utdanning frå universitets- eller høgskulenivå
  • Minst 2 års arbeidserfaring innan offentlege anskaffingar
  • Erfaring frå forhandlingar og kommersielle vurderingar
  • Gjennomført KS sertifiseringskurs i offentlige anskaffelser eller tilsvarende 
  • Erfaring frå digitale konkurranseverktøy (KGV/KAV)
  • Svært god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk
  • Førarkort i klasse B (personbil)
Ønska kvalifikasjonar 
  • Erfaring frå forsyningsforskriften
  • Personlege eigenskapar

    • Likar å setje deg inn i komplekse problemstillingar, analysere informasjon og skape struktur i arbeidsoppgåvene dine
    • Kommuniserer tydeleg og tillitvekkjande, og evnar å samarbeide godt med både kollegaer, leiarar og eksterne samarbeidspartnarar
    • Er engasjert, løysingsorientert og motiverast av å få ting gjennomført med høg kvalitet
    • Byggjer gode relasjonar og skapar tillit gjennom samarbeid, openheit og respekt for ulike perspektiv
    • Er komfortabel med digitale verktøy og tek raskt i bruk nye arbeidsmåtar og system
    • Tek ansvar, har god arbeidskapasitet og driv prosessar framover, samstundes som du er grundig og nøyaktig
    • Møter andre med positivitet, nysgjerrigheit og eit genuint ønskje om å bidra til både fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø
    • Trivst med å arbeide både sjølvstendig og i team, og deler gjerne idear, erfaringar og forslag til forbetringar
    • Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagde ved tilsetjing

    Vi tilbyr

    • Eit spennande og engasjert arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå der du får vere med på å utvikle og forme framtidas offentlege anskaffingar i våre samarbeidskommunar
    • Kort veg frå idé til handling og rom for nye initiativ
    • 100 % fast stilling i ei eining med eit viktig samfunnsoppdrag
    • Eit sterkt fagmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer som deler kunnskap, støttar kvarandre og jobbar saman for å skape gode resultat
    • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling gjennom kompetanseheving, erfaringsdeling og spennande prosjekt på tvers av kommunane
    • Stor grad av tillit og fridom til å planleggje og forme din eigen arbeidskvardag
    • Fleksitidsordning som legg til rette for balanse mellom arbeid og fritid
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
    • Løn etter avtale
    • God opplæring, mellom anna gjennom e-læringskurs og samling for nytilsette i Midt-Telemark kommune

    Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

    Kontaktinformasjon

    Silje Larsen Ulverød, Einingsleiar, +47 916 03 822

    Arbeidsstad

    Bøgata 67
    3800 Bø i Telemark

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

    Referansenr.: 5161661424
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Startdato: 01.12.2026
    Søknadsfrist: 02.09.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Silje Larsen Ulverød

    Einingsleiar

    +47 916 03 822

    Om bedriften

    Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10500 innbyggjarar. Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg. Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.

    Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    6a2f73bf-07aa-44d8-9ce1-8bb1234b95bd

    Sist endret

    20. august 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    83e26ef135de4f3f9cfcdad62c1734ca

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser