Kontrollingeniør, veg og trafikk
Statens vegvesen
Skjenet 2 (Straume anlegg), 5354 Straume
Om jobben
- Stillingstittel
- Kontrollingeniør, veg og trafikk
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. november
Om stillinga
Vi søker kontrollingeniør til å følje opp Norgeshistorias største samferdselskontrakt – Rv. 555 SotrasambandetStatens vegvesen har ledig stilling som kontrollingeniør veg og trafikk på ein av dei største kontraktene nokon sinne i Vegvesenet, Rv. 555 Sotrasambandet. Prosjektet vert gjennomført som Offentleg-Privat Samarbeid (OPS). Sotra Link AS skal byggje på vegne av Vegvesenet og har per i dag ca. 800 personar i arbeid.
Stillinga vil vere ein del av ei gruppe på vel 5 personar som skal ha ansvar for å følgje opp vegbygging og trafikkavvikling i prosjektet.
Som tilsett hos oss får du vere med på å løyse samfunnsoppdraget vårt og i tillegg vere med å forme eit prosjekt som etterlet seg eit etterlengta veganlegg med landemerke som vil vere synleg i over 100 år.
Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
- Dagleg oppfølging av leverandørens arbeid på byggeplass knytt til vegbygging og trafikkavvikling
- Kvalitetssikre leveransane på byggeplass
- Følge opp leverandørens kvalitets- og fremdriftsplaner mot aktiviteter på byggeplass
- Utføre stikkprøvekontroll på byggeplass og rapportere i kvalitetssystema
- Følge opp HMS og YM på byggeplass
- Vurdere og følge opp rapportering av avvik.
- Koordinere mot andre fag og kontrollørar
- Følge opp OPS leverandøren si etterleving av krav i kontrakten, forskrifter, handbøker og normalar innan fagområdet
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:- Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
- God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
- Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
- Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
- Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kvalifikasjonskrav:
Du må ha:- Minimum 3-årig teknisk utdanning frå høgskule, eller universitet / relevant fagbrev
- God skriftlig og muntlig fremstillingsevne på norsk og engelsk
- Førerkort klasse B
Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning.
Det er i tillegg ønskjeleg at du har:- Kjennskap til vegbygging og trafikkavvikling
- Interesse i bruk av BIM
- Kjennskap frå arbeid i fleirfaglege prosjekt med høg kompleksitet
- Erfaring frå oppfølging av leverandørar og utstyr knytt til fagområdet
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir
Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt.
Vi legg vekt på at:- Du finn god balanse mellom operativt og strategisk oppfølging
- Du er ein positiv lagspelar som tek initiativ og er løysingsorientert
- Du samarbeider godt og trivest med å jobbe med fleire oppgåver samtidig
- Du har gode samarbeidsevner, er resultatorientert og set rettidig leveranse høgt
- Du har fokus på gjennomføring og god kvalitet i leveransane sjølv med høgt tempo og krevjande fristar
- Du jobbar sjølvstendig og strukturert
Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Om søknadsprosessen
Krav til søknadenVi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekkFor å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Desse testane gir oss innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og hjelper oss med å gjere ei rettferdig og objektiv vurdering, slik at vi finn den best kvalifiserte kandidaten. Vi gjennomfører også bakgrunnssjekk for å verifisere informasjon som er viktig for rekrutteringsprosessen.
Positiv særbehandlingVi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentlegDersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Kontaktperson for stillingen
Håkon Matre
Prosjektleder
+4741122137
Om bedriften
Statens vegvesen er hjartet i Noregs vegsektor, og vi jobbar kvar dag for å sikre eit effektivt, trygt og heilskapleg transportsystem. Som den største aktøren innan vegtransport i Noreg, har vi ansvaret for riks- og europavegane, samt tryggleiken til alle som ferdast langs vegen. Vårt oppdrag er å planleggje, byggje, drifte og vedlikehalde denne kritiske infrastrukturen.
Vi utviklar regelverk og standardar som gjeld for alle vegeigarar i Noreg, og gjennom vårt arbeid med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og digitale tenester, sørgjer vi for at både folk og næringsliv har tilgang til enkle, effektive, trygge og miljøvennlege transportmoglegheiter.
Statens vegvesen består av to forvaltningsnivå - eit direktorat og seks landsdekkande divisjonar, som saman jobbar for å gjere vegane våre betre for alle.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
69e5549b-21f0-4c8d-9374-e89e6b5cfb21
- Sist endret
6. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10269373
Lignende annonser
Kontrollingeniør Nygårdstunnelen Bergen
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Sted
Fyllingsdalen
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Sted
Moss, Bergen
Dataingeniør DoV
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Sted
Drammen, Oslo, Bergen, Trondheim