Miljøterapeut
Bergen fengsel
Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapaut
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
12
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. september
Om stillinga
Bergen fengsel søkjer inntil 12 miljøterapeuter. Stillingane vert ein del av ei nasjonal prøveordning som vert gjennomført av Kriminalomsorgsdirektoratet. I Bergen fengsel får du høve til å jobbe i eit engasjert og tverrfagleg miljø der openheit, tryggleik, og nytenking står i fokus. Her får du spennande utfordringar, fagleg utvikling og eit støttande arbeidsmiljø – med blant anna gratis parkering, kantine og tilgang til treningsrom i fengselet.
Formålet med prøveordninga er å stabilisera bemanninga i eininga, samstundes utforska korleis miljøterapeutar kan bidra til eit meir heilheiteleg og tverrfagleg endringsarbeid. Vidare er det eit ynskje å styrkja oppfølginga av ei samansett innsettegruppe og gje kriminalomsorga praksiskunnskap om korleis miljøterapeutar kan inngå i faste turnusteam saman med fengselsbetjentar. Dette for å utforska moglegheita for ei meir berekraftig kompetansesamansetning og framtidsretta totalbemanning. Det vil også gje moglegheit for å vurdera moglege effektar på arbeidsmiljø, vald, truslar og uønskt åtferd.
Varigheiten på prøveordninga er sett til 24 månader. Som miljøterapeutar vil ein inngå i turnusbemanningen saman med fengselsbetentar i ei 3 delt turnus ordning. Alle som vert tilsett i stillinga vil bli gitt sikkerheitsopplæring og opplæring i fysisk maktanvending.
👉Blei du nysgjerrig på korleis det er å jobbe hos oss? Klikk her for å sjå filmen og bli inspirert.
. Video: https://youtu.be/yPsJr8ExqtsArbeidsoppgaver
- ivareta tilsette- og innsattes sikkerheit i henhald til lovverk, retningslinjer og rutinar
- avdelingsteneste med daglege oppgåver knytt til innsatte
- evne til trykkleigstenking, grensesetjing og konfliktløysing
- kontaktbetjentarbeid, soningsplanlegging, miljøarbeid og programarbeid
- vere ein aktiv medspelar i den faglege og sikkerheitsmessige utviklinga av avdelinga
- tverrfagleg samarbeid
Den som vert tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha- sosialfaglig høgskule- eller universitetsutdanning, eller anna relevant utdanning fra høgskule eller
universitet på bachelornivå - erfaring frå miljøterapeutisk arbeid
- god munnleg og skriftleg norsk framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- førarkort klasse B
- plettfri vandel
Du må oppfylle dei fysiske funksjonskrava som gjeld for opptakt ved Kriminalomsorgens høgskule og utdanningssenter KRUS. Meir informasjon om krava finn du her. Det vil bli gjennomført fysiske funksjonstestar som må bestås.
Det er ynskjeleg at du har, men ikkje eit krav at du har:- erfaring innan for kriminalomsorgen
- erfaring med å arbeide med menneskjer
- kunnskap om straffegjennomføringslova
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har evne og vilje til å drive påverknadsarbeid
- evne til å opptre roleg, men bestem i utfordrande grensesituasjonar
- evne til å stå i konflikt
- syne omsorg, empati og forståing
- har evne til tryggleikstenking, å vere ein samtalepartnar og rollemodell for dei innsette
- gode relasjonelle ferdigheta
- er mål- og resultatorientert
- evne til gje og få rettleiing
- har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- verdiar i tråd med kriminalomsorgen
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Vi tilbyr
- ein unik mogelegheit til å vere med å bidra til at innsette og domfeltes opphald i fengselet blir meiningsfullt og rehabiliterande.
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- gode parkerings mogelegheitar, kantine, bedriftsidrettslag.
Stillinga vert lønt som miljøterapeut 1201, i eit lønnspenn frå kr 476 000 - 600 000, avhengig av kvalifikasjoner, det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. I tillegg kjem variable turnustillegg, for ukomfortable arbeidstider.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ynskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Stine Berger - Fengselsinspektør tlf. 55 39 37 92 / stine.berger2@kriminalomsorg.no
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
69b72398-17d0-4b9a-8706-90a35a3e8a27
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10262045