Lærar i Ørsta kommune
Oppvekst, kultur og inkludering, Ørsta kommune
Dalevegen 6, 6153 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar i Ørsta kommune - Vikariat
Oppstart
1. oktober 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
Ørsta kommune har behov for lærar. Vi har ledig eitt vikariat i 80 % frå dags dato og ut skuleåret 2025/2026. Aktuelle tenestestadar er Hovden skule og Vartdal skule. Andre skulestadar kan også verte aktuelle. Den som vert tilsett må vere førebudd på bytte av tenestestad i løpet av skuleåret.
Hovden skule er ein 1-7 skule med SFO. Det er omlag 110 elevar på skulen og ca 20. tilsette samla i skule og SFO.
Vartdal skule er ein 1-10 skule med SFO. Det er 86 elevar på skulen og 19 tilsette samla i skule og SFO.
Ørsta kommune har i alt sju kommunale skular, og skulane er organisatorisk plassert i kommunalområdet Oppvekst, kultur og inkludering.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar, og du forpliktar deg til å jobbe i samsvar med desse:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver Utvikling- gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Arbeidsoppgåver
- Ta del i Ørsta kommune sitt arbeid med å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø der elevane si fysiske og psykisk helse står i sentrum
- Planleggje, gjennomføre og evaluere undervisning. Det kan ligge kontaktlæraroppgåver til vikariatet
- Arbeide systematisk og målretta med grunnleggjande ferdigheiter, i alle fag
- Tett samarbeid med born og føresette
- Delta i nettverksarbeid og skuleutvikling, på kvar einskild skule og mellom skulane i kommunen
- Pedagogisk personale må vere budde på å ta på seg rettleiingsansvar i høve til studentar
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer primært etter grunnskulelærarar
- Lærarar med godkjent pedagogisk utdanning og undervisningskompetanse (PPU) kan verte vurderte
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. I Ørstaskulen nyttar vi nynorsk som målform og kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest etter Opplæringslova § 17-11
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
- Har høg relasjonskompetanse
- Er god på samarbeid, både med born, føresette og andre tilsette
- Bidreg til utviklinga av eit inkluderande og raust arbeidsmiljø
- Er ein god rollemodell og ein trygg og tydleg vaksenperson
- Kan leie klasser og grupper på ein god og inkluderande måte
- Har god fagleg kompetanse, er fleksibel og løysningsorientert
- Kan arbeide sjølvstendig, men samtidig ha vilje og evner til å arbeide i team
- Har profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK). I dette legg vi evne til å tileigne seg kunnskapar om og bruke pedagogiske programvare og andre digitale verkty, og korleis bruke desse til det beste for elevane si læring. I Ørstaskulen disponerer alle lærarar og elevar Chromebooks og Google Workspace for Education som hovudverkty
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver og eit stimulerande arbeidsmiljø der elevane si læring og utvikling står i sentrum
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår:
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkluderer frivillig ulykkesforsikring på fritida.
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: Offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Arbeidsvilkår:
Stillinga er plassert i kap. 4 gr. 2
Lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing.
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf. AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Annelin Wangen, Rektor, 91248476, annelin.wangen@orsta.kommune.noYngve Vadstein, rektor, 99286999, yngve.vadstein@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 66153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5010594044
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.10.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 21.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
69925bd3-5b90-4aa1-a3ee-d6fcccb075f2
- Hentet fra
talentech
- Referanse
80f16820d0bf423f9352ff67620d023a