Kjeveortoped
Tk Vestland - Spesialistklinikken
Årstadveien 19, 5009 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kjeveortoped
Oppstart
5. mai 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 40%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 20. mars
Har du lyst å jobbe i eit stort fagmiljø? Då er TK Vestland noko for deg! TK Vestland er eitt av fem regionale kompetansesenter i Noreg.
TK Vestland tilbyr spesialisttannhelsetenestar til befolkningen i Vestland. Vi utfører undersøking og behandling av tilviste pasientar frå offentlege og private tannklinikkar, samt utadretta verksemd som rådgjeving, kurs og hospitering for anna tannhelsepersonell.
Spesialistklinikken ved TK Vestland i Årstadveien 19, har 10 behandlingsrom. Vi har og ein klinikk ved Haukeland Sjukehus. Det er rundt 38 ansatte på spesialistklinikken. Vi har spesialistar innan alle dei odontologiske fagfelta.
Arbeidsoppgåver
Som spesialist i kjeveortopedi ved kompetansesenteret arbeider du med pasientar som er tilvist for vurdering og behandling hjå spesialist. Mange av pasientane som er tilvist treng tverrfagleg vurdering og behandling hjå fleire tannlegespesialistar, og kjeveortopeden har ei viktig rolle i dette arbeidet. Det vil og inngå i arbeidsoppgåvene å delta i utadretta verksemd som kurs og kompetansehevande tiltak. Tk Vestland er open for å diskutere stillingsstørrelsen på vikariatet inntil 40%.Kvalifikasjonar
Søkjar må ha norsk godkjenning som spesialist i kjeveortopedi.Det er ønskjeleg med relevant arbeidserfaring som spesialist.
Evne til formidling.
Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnleg
Den som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest
Personlege eigenskapar
Vi ønskjer ein sjølvstendig, ansvarsbevisst og initiativrik medarbeidar med gode samarbeidsevner som kan fungere godt i eit tverrfagleg miljø. Evne og vilje til å arbeide i tverrfaglege team er ønskjelege eigenskapar som vil bli vektlagd ved tilsetting.Vi tilbyr
Løn etter avtale
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Ein spennande og utfordrande jobb
Gode mogelegheiter for fagleg utvikling
Andre opplysningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
Alle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
Vi gjer merksam på at i følgje Offentleglova § 25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg
Kontaktinformasjon
Anne Marit Graue, klinikkleiar , 93061996Martha Sørensen, områdeleiar tannhelse, 98012834
Arbeidsstad
Årstadveien 195009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4933501386
Stillingsprosent: 40%
Vikar
Startdato: 05.05.2025
Sluttdato: 26.03.2026
Søknadsfrist: 20.03.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Martha Sørensen
områdeleiar tannhelse
98012834
Anne Marit Graue
klinikkleiar
93061996
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2881489
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b56d12f8284f44699af7b953eecdc1fb