Helsefagarbeidar 61% stilling i p.t natt
Bu- og rehabiliteringstenestene, Sykkylven kommune
Haugneset 20, 6230 Sykkylven
Om jobben
- Oppstart
- 1. november 2026
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar 61% stilling i p.t natt
- Type ansettelse
- Fast, deltid 61%
- Arbeidstid
- Turnus
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. oktober
Er du helsefagarbeidar og vil prøve noko nytt? Då er kanskje dette noko for deg!
Avdeling barne- og avlastningstenester har ledig 61 % fast stilling som p.t nattevakt. Vi søkjer primært etter helsefagarbeidar, men andre med tilsvarande utdanning eller erfaring kan og søkje. Om du ikkje har relevant utdanning kan stillinga eventuelt verte omgjort til eitt års vikariat. Personleg eignaheit vert vektlagd. Stillinga er ledig frå dags dato.
Eining Bu- og Rehabiliteringstenestene yt tillegg til barne- og avlastingstenester, tenester til vaksne menneske med ulike funksjonsnedsettingar som inkluderar mellom anna fleire bufelleskap, dagsenter, avlastingstenester og støttekontakt.
Arbeidsoppgåver
- Helse, omsorgs og pleiefagleg oppfølging
- Miljøarbeid og ivaretaking av tenestemottakar i samsvar med gjeldande enkeltvedtak
- Bidra til fagleg kvalitet tråd med faglege og etiske retningsliner
- Arbeidsoppgåver delegert frå næraste leiar
- Dokumentasjon i EPJ
- Førefallande arbeid
- Legemiddelhandtering kan verte aktuelt
- Kontakt med foresatte og andre samarbeidspartnarar
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeider eller eventuelt anna relevant utdanning/erfaring
- Erfaring frå arbeid med pleie og omsorgsarbeid ein fordel
- Du har gjerne erfaring med arbeid frå målgruppa
- God datakunnskap
- Du har gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg
- Du evnar og har vilje til å sette deg inn i gjeldande lovverk for aktuelle område
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som har ei særleg interesse for å arbeide med born og unge
- Du er omsorgsfull og evnar å vere ein trygg og ansvarsfull vaksen
- Du må ha stå på vilje og kunne handtere utfordrande situasjonar
- Du er fleksibel og løysingsorientert
- Du er aktiv bidragsytar til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Du evnar å arbeide godt sjølvstendig, og tek sjølvstendig ansvar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du held deg fagleg oppdatert
- Du er open, lojal og til å stole på
- God omstillingsevne
Personleg egnaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk
- Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KL
- Gratis parkering
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Kontaktinformasjon
Eva Eline Nygaard Tandstad, Avdelingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, 94156291, eva.tandstad@sykkylven.kommune.noLisbeth Vinjevoll Schei, Einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene, 91009625, lisbeth.schei@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Haugneset 206230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 5181269263
Stillingsprosent: 61%
Fast
Startdato: 01.11.2026
Søknadsfrist: 25.10.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Eva Eline Nygaard Tandstad
Avdelingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene
94156291
Lisbeth Vinjevoll Schei
Einingsleiar Bu- og rehabiliteringstenestene
91009625
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca 7.646 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven her!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
69755b41-8647-4f1f-975d-9821cf22919a
- Sist endret
9. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
073ce5fc3e874a56a20d85f023b0fc88