Helsefagarbeidar
Vaksdal kommune
Elvevegen 16, 5722 Dalekvam, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar Vikariat
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 8. september
Om stillinga
Ved bueininga i Elvevegen på Dale, ynskjer vi oss fleire dyktige kollegaer. Vi søker tilsett som er fagleg trygg og arbeidar godt sjølvstendig. Hos oss er vi opne for kreativitet og engasjement for å saman finne dei gode løysingane i arbeidskvardagen. Vi treng å styrke arbeidsstaben vår og har ledig vikariat for helsefagarbeidar i 100% stilling til august 2026. Ledig frå snarast.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at tenestemottakar får kvalitativt gode tenester i tråd med gjeldsande lovverk, vedtak og retningslinjer
- Gje god omsorg og hjelp til daglege gjeremål i heimen
- Medisinhandsaming
- Kontakt og samarbeid med pårøyrande
- Primærkontakt oppgåver
- Dokumentere i fagprogram
- Andre delegerte oppgåver frå leiar
Krav til kompetanse
- Autorisasjon som Helsefagarbeidar
- Relevant erfaring frå liknande arbeid vil vere ein fordel
- Krav om godkjend politiattest
- Førarkort er ein fordel
- Må meistre norsk godt både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er ein person som evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode
- Du likar å arbeide sjølvstendig og å tek ansvar
- Er påliteleg og stabil
- Er god på kommunikasjon og evnar å samarbeid tverrfagleg
- Er løysingsorientert, med god gjennomføringsevne
- Har høgt nærvær i jobben
- Kan stå i ein travel arbeidskvardag med uventa hendingar
Vaksdal kommune kan tilby
- Me har godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving
- Me gjev uteljing på lønn for relevant vidareutdanning
- Hos oss får du faglege og personlege utfordringar, og du får moglegheit til å utvikle deg saman med oss
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Det er enkelt å reisa hit med tog og bil.
Bueining for funksjonshemma er lokalisert i Elvevegen, i sentrum av Dale.
Vårt mål er å gje tenestemottakarane moglegheit til å leve og bu sjølvstendig, og til å ha eit aktivt og meiningsfullt tilvære, både individuelt og i fellesskap med andre. Personalgruppa i Elvevegen er samansett av vernepleiarar, førskulelærarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar, aktivitørar, pleiemedarbeidarar og assistentar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
69559cf8-adca-4eef-ba69-aa5bdd92af81
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10261365