Spesial-/sjukepleiarstillingar
Barn og ungdom sengepost, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Spesial-/sjukepleiar
Oppstart
27. oktober 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest onsdag 17. september
- 2 x 100% vikariat frå 27.10-2025 - 25.10.2026
- 1 x 100% vikariat frå 27.10.2025 - 16.08.2025
- 1 x 33% vikariat frå 27.10.2025 - 15. 02.2026
Barne- og ungdomsavdelinga har to seksjonar: sengepost og poliklinikk. Vi har spesialisthelsetenesteansvar for barn og ungdom i alder 0 til 16 (18) år. Dei ledige stillingane gjeld arbeid som sjukepleiar i sengeposten, der vi behandlar og pleier både premature og sjuke nyfødde, samt større barn og ungdom med både medisinske og kirurgiske diagnosar. Tilsette i sengeposten behandlar også ein del polikliniske pasientar, og driftar avansert heimesjukehus (AHS).
BUA har behov for spesialkompetanse på fleire felt, spesielt pediatri, onkologi, intensiv og avansert klinisk nyfødtsjukepleie. Samtidig er sjukepleiarar med god og relevant erfaring frå arbeid med barn og unge velkomne til å søkje
Sengeposten flytta i fjor haust inn i nye, moderne lokale i 5. etg i LIVA. Etter kvart skal barnepoliklinikken flytte opp i same etasje, i dei tidlegare lokala til sengeposten. Dette vil legge til rette for tettare samarbeid og betre ressursutveksling mellom seksjonane.
Krav til stillinga
Dei som får tilbod om tilsetjing må legge fram tilfredsstillende politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma). Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 mnd.
Søknad
Vi ber om at de i søknaden opplyser om kva stilling som er av interesse, og at de prioriterer i rekkefølge dersom fleire stillingsprosentar er aktuelle. Ved internt opprykk, kan det bli ledig vikariat til medio januar 2026.
Turnus
Stillingane har tredelt turnus og arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
- Stell og pleie av inneliggande barn og ungdom: både premature og sjuke nyfødde, samt større barn og ungdommar med både medisinske- og kirurgiske diagnosar.
- Sjukepleiarane må kunne jobbe med både små og store barn
- Noko poliklinisk aktivitet i sengeposten
- Opplæring/undervisning til pasient og pårørande
- Omsorg og støtte til pårørande
- Tredelt turnus med arbeid kva tredje helg
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
- Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Erfaring frå Barne- og ungdomsavdeling vil bli prioritert
- Sekundært vil anna relevant sjukehuserfaring bli prioritert
- Kunnskap/erfaring med ein del medisinsk teknisk utstyr vil vere ein fordel
Personlege eigenskapar
- Nøyaktig og arbeidssam
- Like varierte utfordringar
- Gode kommunikasjonsevner
- Samarbeidsvillig
- Fleksibel på arbeidsopgåver og arbeidstid
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Godt arbeidsmiljø
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Jorunn Sollid, Seksjonsleiar, (+47) 992 93 641Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5009787544
Stillingsprosent: 100, 33%
Vikariat
Startdato: 27.10.2025
Sluttdato: 25.10.2026
Søknadsfrist: 17.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Jorunn Sollid
Seksjonsleiar
(+47) 992 93 641
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
69069b35-ac07-4a12-bf48-8ca039851410
- Hentet fra
talentech
- Referanse
96da010d36174294a13bba41af38ad1a