Miljøarbeider
OPK-VV - Avd. TO, Vestland fylkeskommune
5710 Skulestadmo, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøarbeider
Oppstart
3. november 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 16. oktober
Voss vidaregåande skule er ein moderne skule med om lag 400 elevar fordelt på fem utdanningsprogram; Bygg- og anleggsteknikk, Elektro- og datateknologi, Restaurant- og matfag, Naturbruk og Teknologi- og industrifag. Skulen har også eige avdeling for tilrettelagt undervisning.
Skulen som ligg vakkert til ved Lundarvatnet i Skulestadmoen og har om lag 120 tilsette. Voss vgs arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen slik at tilbodet til kvar enkelt elev skal bli best mogeleg. Som skule har me høge ambisjonar, og har som mål å vera mellom dei leiande skulane innanfor dei programområda me tilbyr. Ved Voss vgs har me fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med lokal og regionalt næringsliv.
Sjå meir informasjon om skulen på: https://www.voss.vgs.no/
Arbeidsoppgåver
- Vere med i undervisning i grupper/klasser med spesielt ansvar for å følgje opp enkeltelevar (ein/fleire).
- Planlegge og gjennomføre opplegg med elevar i samarbeid med pedagogisk personale, dvs. vidareføring av pedagogiske opplegg.
- Oppgåver i samband med arbeidsutprøving for enkeltelevar.
- Andre oppgåver i samband med skulen sine aktivitetar (t.d. tur/friluftsliv).
- Personleg assistanse.
Kvalifikasjonar (overskrift)
- Relevant utdanning eller fagbrev
- Erfaring frå arbeid med born og unge med behov for særskilt tilrettelagt opplæring
- Fleksibel og positiv i møte med mange oppgåver i løpet av ein dag
- Utadvendt
- Trygg og roleg i møte med ungdom
- Tydeleg og støttande i undervisninga
- Kreativ og har omstillingsevne
- Flink til å samarbeide og til å motivere elevane
Det vert lagt vekt på faglege og personlege føresetnader som er relevante for
denne type arbeid.
- Nytt og moderne skulebygg
- Eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø der eleven står i fokus
- Eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Marit Rykke, ass. rektor , 91853521
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5022451114
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 03.11.2025
Sluttdato: 19.06.2026
Søknadsfrist: 16.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Marit Rykke
ass. rektor
91853521
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
68b83f5c-97b0-42f0-bf00-6d758768e4ac
- Hentet fra
talentech
- Referanse
01abb3fc14b64bb7aee61ea7561a4d9b