Hopp til innhold

Vik kommune har ledig 100 % fast stilling som gartnar

Arbeidsgiver

Vik kommune Forvaltning og vedlikehald

Sted

Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn

Om jobben

Stillingstittel
Gartnar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 30. november

 

Vik kommune har ledig 100 % fast stilling som gartnar. Stillinga er ledig frå snarast.

 

Om arbeidsstaden

Eining forvaltning og vedlikehald har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale bygningar, vegar, park/idrettsanlegg og friluftsområde samt kommunen sine vatn, avløp og renovasjonssystem.
Vi har som mål å vera ein trygg, utfordrande og attraktiv arbeidsplass.

 

Me tilbyr
  • Fleksibel arbeidstid
  • Varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling
  • Dyktige kollegaer og godt tverrfagleg samarbeid

 

Arbeidsoppgåver

Arbeidet vil vera innanfor planlegging, opparbeiding, drift og vedlikehald av kommunale grøntområde og uteområde.
Deler av haust- og vinterhalvåret må den som vert tilsett rekna med arbeidsoppgåver i dei andre fagområdene innanfor eininga.
Stillinga inngår også i vaktberedskap som teknisk vakt.

 

Krav til kompetanse
  • Krav om fagbrev innanfor faget anleggsgartnar. Anna relevant utdanning eller erfaring kan vega opp for manglande fagbrev.
  • Krav om førarkort klasse BE, og ynskjeleg med maskinførarbevis.

 

Personlege eigenskapar
  • Du har ei positiv innstilling og godt humør.
  • Du likar å arbeida med menneske og yte service.
  • Du er fleksibel med tanke på variasjon i arbeidsoppgåver.
  • Du er engasjert i arbeidet og likar utfordringar.
  • Du har stor arbeidskapasitet.
  • Du er motivert for å arbeida innan offentleg drift og vedlikehald.
  • Du er sjølvstendig og tek ansvar.
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og evnar å samarbeide med andre.
  • Du er løysingsorientert med god evne til gjennomføring.
  • Du er positiv til kurs/etterutdanning for kompetanseheving.

 Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

 

Løns- og tilsetjingsvilkår
  • Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk
  • Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Den som blir tilsett må levera politiattest av nyare dato (dersom det er naudsynt for stillinga)

 

Andre opplysningar

Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.

 

Søknadsprosedyre

Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden.

Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Thomas Hjortland

Tenesteleiar forvaltning og vedlikehald

+47 91396942

thomas.hjortland@vik.kommune.no

Om bedriften

Vik kommune har omlag 2 560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod. Tenestemålet er nynorsk. Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 385 mill.kr.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

68352c47-8962-4cc4-8dbb-232921e0f107

Sist endret

16. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3678643_248677_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser