Matansvarleg
Valle og Hylestad barnehagar , Valle kommune
4747 Valle
Om jobben
Stillingstittel
Matansvarleg
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
I Valle og Hylestad barnehagar er vi ein gjeng trivelege tilsette med godt humør som er glade i å jobbe med barn. Jobben vår er å bidra til å gje barn ein trygg og god barndom, og for at barn skal få moglegheit til å ta i bruk heile potensialet sitt, så er kostholdet ein viktig del av det heile. Brenn du for eit sunt kosthold og å sette saman gode måltid? Har du lyst til å jobbe saman med oss for å styrke barn i livsmeistring? Då bør du gripe denne sjansen til å søkje jobb i Valle og Hylestad barnehagar!
Barnehagane i Valle og Hylestad søkjer nå etter ein engasjert matansvarleg i fast stilling. Ein eventuell arbeidstakar blir sjølv delaktig i struktureringa av innholdet i stillinga.
Stillingsprosenten ligg på mellom 40-60 prosent, og dette kan avtalast nærmare med eventuell arbeidstakar.
Arbeidsoppgaver
- Ansvaret for å planlegge meny for barnehagen i tråd med retningslinene for mat og måltid i barnehagen
- Ansvaret for å styre innkjøp av mat for dei ulike barnehagane
- Ansvaret for å tilberede og stelle i stand måltid
- Ha kontroll på at dei ulike hygienestandardane blir oppretthalde
- Bidra til å gje barna gode matopplevingar
Kvalifikasjoner
- Ønskjeleg med utdanning innenfor matlaging
- Ønskjeleg med erfaring frå arbeid med matlaging
- God forståing for samanheng mellom økonomi og innkjøp
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Politiattest av nyare dato må leggjast fram ved tilsetjing
- Grunnleggande forståing for økonomi
Personlige egenskaper
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kunne arbeide sjølvstendig og målretta
- Interesse for mat og ernæring
- Gode strukturelle ferdigheiter og fleksibilitet
- Ynskje om å bidra i utarbeidinga av ei heilt ny stilling
- Forståing for budsjett og planlegging
- Ynskje om å bidra til at barna i barnehagane får i seg næringsrike og fullverdige måltid
Vi tilbyr
- Eit spennande fagleg miljø i endring og utvikling
- Godt arbeidsmiljø og engasjerte vaksne
- Løn etter gjeldande tariff
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Bedriftsleilegheit sentralt i Kr.sand
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
- Ei triveleg bygd å bu i
- Gratis barnehage
Viktig for søknaden din:
- CV skal skrivast i Webcruiter-malen
- Attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter.
- Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500.
Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Kontaktinformasjon
Torgeir Andreas Helle, Leder/Virksomhetsleder, 94284357, torgeir.andreas.helle@valle.kommune.noArbeidsstad
Valle kommune
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Valle kommuneReferansenr.: 4846515368
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2024
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2732337
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d359e896a2614e8ba4107ebc7a4bb6ae