Vil du vere med på å drifte og utvikle sjukehuset sitt tekniske system?
Teknisk Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Serviceteknikar/mekanikar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Som serviceteknikar eller mekanikar hos oss vil du få ansvar for eit breitt spekter av tekniske installasjonar som sørgjer for at sjukehuset fungerer optimalt – kvar dag, heile året. Me handterer alt frå heisar, ventilasjon og sanitæranlegg til spesialtilpassa sjukehusutstyr. Arbeidet vårt er avgjerande for tryggleik, effektivitet og kvalitet i helsetenestene våre.
Her blir du ein del av eit miljø der praktisk erfaring, teknisk kompetanse og lagarbeid går hand i hand.
Hos oss vil du ikkje berre jobbe med teknologi – du vil vere med på å halde hjartet i sjukehuset i gang. Me ser etter deg som likar å løyse utfordringar, som finn meistring i å halde viktige system i drift, og som ønsker å bidra med kunnskapen din i eit miljø der innsatsen di blir lagt merke til.
👉 Kjenner du at dette kan vere rett stad for deg? Då håpar me du søkjer – me gleder oss til å høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Befaring og preventivt kontroll av installasjoner.
- Følge opp krav frå leverandørar og gjeldande regelverk.
- Feilsøke og utbetre feil på utstyr og tekniske system.
- Utføre drift og vedlikehald av mekanisk utstyr og anlegg.
- Bestille service og følge opp avvik frå servicerapportar.
- Samarbeide med andre faggrupper ved behov.
- Delta i etablert heimevaktordning.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha:
- relevant utdanning som mekanikar/automasjonsmekanikar, eller innan andre relevante fagområde
- erfaring med installasjon eller drift og vedlikehold av lignende installasjoner
- gode digitale ferdigheiter
- gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Det er ein fordel om du har:
- Kjennskap til ulike alarm og overvåkingssystemer (SD anlegg).
- Erfaring med bruk av programmer for handtering av FDV dokumentasjon.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er motivert, har stor interesse for faget og ønskjer å utvikle deg vidare
- jobbar godt både sjølvstendig og saman med andre
- viser arbeidsglede og tek initiativ
Vi legg vekt på personlege eigenskapar og gode haldningar.
Kvifor skal du velje oss?
- Hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag der ingen dagar er heilt like.
- Du blir ein del av eit positivt og inkluderande miljø som legg vekt på samarbeid, fagleg utvikling og meistring.
- Me tilbyr utfordrande oppgåver der du får bruke og vidareutvikle kompetansen din i eit av dei viktigaste tekniske støtteapparata ved sjukehuset.
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sokol Kastrati, Funksjonsleiar, +47 41863512, sokkas@ihelse.netHarald Lunde, Avdelingsleiar, +4741336655, harlun@ihelse.net
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5192563283
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2026
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6811eb85-e012-4c32-afc8-11bf2a923fe9
- Sist endret
17. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
51bc01003cf84238a838a13bf6d8bbce