Spesialsjukepleiar/spesialvernepleiar
Avdeling for rusmedisin/ AFR Tertnes, Helse Bergen
Tertnesveien 35, 5113 Tertnes
Om jobben
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar/spesialvernepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, lørdag og søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Avdeling for rusmedisin har ansvar for å sjå kva behov rusmiddelavhengige har og bidra til å sikre god behandling. Seksjon Tertnes er ein del av Avdeling for rusmedisin og består av ei sengepost og poliklinikk/ambulant team. Seksjonen består i dag av 2 psykologspesialistar, 1 psykolog, 1 lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, miljøterapeutar, klinisk sosionom, kunst- og uttrykksterapeut, familieterapeut og treningsterapeut. Vi jobbar tverrfagleg der alle bidrar med sin spesialkompetanse i behandlinga rundt pasienten.
Kvinneposten har 15 heildøgns sengeplassar for friveleg behandling av rusmiddelavhengige kvinner.
Familieambulatoriet er eit frivillig tilbod til gravide og familiar med rusmiddelavhengigheit og har tilbod om oppfølging fram til barnet når skolealder. Familieambulatoriet har òg tilbod om brukarstyrt
seng og ein eigen leiligheit for familiar i sårbare fasar.
Vi verdset eit arbeidsmiljø prega av omsorg for kvarandre, høgt engasjement for pasientane, fagleg utvikling, nysgjerrigheit, eit godt tverrfagleg samarbeid med opne dører og kreativitet. Kvinneposten jobbar tverrfagleg og behandlingen består mellom anna beståande av gruppeterapi, inividualterapi, treningsterapi og miljøterapi. I tillegg tilbyr vi kunstterapi og musikkterapi samt sosialfagleg oppfølging av klinisk sosionom og pårørandeoppfølging av familieterapeut.
Vi søker no sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning innan rus/psykisk helse til Kvinneposten, turnusarbeid dag/kveld og kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
- Rusbehandling
- Medisinering
- Abstinensbehandling
- Motivasjonsarbeid for å skape endring
- Høg grad av tverretatleghet og teamarbeid
- Tverretatleg samarbeid for å betre pasientens livssituasjon
- Co-terapeut i gruppebehandling
- Kartlegging av sosialt nettverk, arbeid, skole og anna
- Kartlegging av rusmiddelbruk
- Kartlegging av somatisk og psykisk helse
- Vurdering av andre tilbod og behandling
- Koordinering av tiltak saman med aktuelle samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar med vidareutdanning innan rus og psykisk helse
- Forarkort klasse B
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Du må ha:- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- evne og vilje til å arbeide både sjølvstendig og i tverrfagleg team
- evne til å sjå pasientane sine behov
- positiv innstilling til oppgåvene du blir sett til
- respekt for kvar enkelt pasient
- erfaring med pasientgruppen er ønskeleg
Det vil bli lagt vekt på personleg egnethet
Vi tilbyr
- Eit godt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Emma-Louice Jansdotter Håvåg, Leiar, 90713289Arbeidsstad
Tertnesveien 355113 Tertnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4815332939
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.06.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2654162
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cc53d63384c64ba18d4fbb744a5cc23b