Saksbehandlar
NAV Midt-Telemark og Nome
Folkestadvegen 21, 3800 Bø i Telemark
Om jobben
- Stillingstittel
- Saksbehandler
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. desember
NAV Midt-Telemark og Nome har no ledig eit 100 % vikariat som saksbehandlar etter lov om sosiale tenester, og vi søkjer deg som brenn for å møte menneske med varme, respekt og tru på endring.
Hos oss får du vere ein del av eit kontor som jobbar førebyggjande og heilskapleg – i tett samarbeid med arbeidsgivarar, fastlegar, tiltaksbedrifter og andre aktørar i lokalsamfunnet som bidreg til å gje gode tenester til innbyggjarane våre. NAV jobbar målretta med å gje menneske moglegheiter. Vi gjev kommunale og statlege tenester til innbyggjarar i Nome og Midt-Telemark, med mål om sjølvforsørging og varig tilknyting til arbeidslivet.
Vi ser etter deg som har evne til å møte menneske der dei er – og som tør å stå i både krevjande og gode samtalar med menneske i sårbare livssituasjonar. Du trur på moglegheiter, på arbeid som ein veg vidare, og på krafta i gode relasjonar. Du har eit sterkt engasjement for NAV sitt samfunnsoppdrag, og trivst med ein kvardag som krev struktur, fleksibilitet og ekte menneskeleg kontakt.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandling etter lov om sosiale tenester
- Gje råd og rettleiing til brukarane våre
- Ansvar for framdrift i eiga portefølje
- Samarbeide med kollegaer om løysingar for brukarar
- Saman med resten av kontoret bidra til at vi utviklar stadig betre brukartenester og at kontoret når sine verksemdsmål
NAV er stadig i endring, og vi arbeider etter statlege og regionale føringar for vårt område. Fokuset endrar seg jamleg, og det må påreknast endring i arbeidsoppgåver i samsvar med arbeidsgjevar sin styringsrett med tanke på omorganisering av ressursar.
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar- Fullført utdanning på minimum bachelorgradsnivå. Relevant erfaring som saksbehandlar kan i særlege tilfelle kompensere for utdanningskravet.
- God kompetanse i bruk av IT-verktøy – mellom anna Office 365
- Du må kunne nytte lovverket
- Gode norskkunnskapar og god kommunikasjonsevne, både skriftleg og munnleg. Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B2
- Relevant erfaring frå saksbehandling
- Erfaring med menneske som er i ulike livssituasjonar
- God forståing for hushaldsøkonomi
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- er strukturert, effektiv og løysingsdyktig
- har evne til å møte den enkelte med empati og profesjonalitet
- trivst med ein kvardag som krev struktur og fleksibilitet
- har evne til å prioritere og jobbe sjølvstendig
- er uredd og har styrke til å møte brukarar i krevjande livssituasjonar
- har gode samarbeidsevner og likar å jobbe i team
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- 100% fast kommunal stilling
- Dyktige kollegaer og et trivelig og hektisk arbeidsmiljø
- Mogleghet til å benytte ferieleilighet i Rauland
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk i stillingskode 6599 Spesialkonsulent
- Gode forsikrings- og pensjonsordninger
Kopi av vitnemål og attester lastes opp som vedlegg til søknaden
Kontaktinformasjon
Stine Skoland, Einingsleiar, +47 91616566Arbeidsstad
Folkestadvegen 213800 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5029812190
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Stine Skoland
Einingsleiar
+47 91616566
Om bedriften
Midt-Telemark kommune ligg i hjarte av Telemark med Bø som kommune- og regionssenter og handelssenter, og Gvarv som lokalsenter. Kommunen har om lag 10900 innbyggjarar.
Midt-Telemark er ein aktiv kommune med nasjonale turistmål, attraktivt kulturliv, eit innovativt næringsliv og eit variert landbruk, som mellom anna produserer ein fjerdedel av epla i Noreg.
Kommunen er studiestad for Universitetet i Sør-Øst Norge, har vidaregåande skule og folkehøgskule. Kommunesenteret er eit trafikknutepunkt med godt kollektivsamband både aust- og vestover, m.a. med bare 2 timar til Oslo og 2 ½ time til Kristiansand med tog.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
67dc6677-fb57-4b6a-81c3-ba833b11284b
- Sist endret
18. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3a23acd045bd464ebe6942a5b14ac81c
Lignende annonser
Saksbehandler for helse- og omsorgstjenester
Arbeidsgiver
Kviteseid Kommune - Tenestekontoret
Sted
Kviteseid
Kontaktperson - vikar
Arbeidsgiver
Nome og Midt-Telemark barnevern
Sted
Gvarv
Arbeidsgiver
Bo- og miljøtjenesten Eidsbygda, Nome kommune
Sted
Lunde