Helgestilling Meland Sjukeheim
Alver kommune
Havnevegen 12, 5918 Frekhaug, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helgestilling Meland Sjukeheim
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. oktober
Kort om stillinga som pleieassistent
Meland sjukeheim avdeling Lerketunet søkjer etter pleieassistentar til faste helgestillingar. Vi ser etter deg som har erfaring frå tilsvarande arbeid, eller som er i utdanning innan helse-og omsorg. Søkjarar med interesse for faget og anna bakgrunn er også aktuelle.
Om avdelinga
Lerketunet er ei avdeling med 12 plassar for personer som lever med demenssjukdom og treng ekstra tilrettelegging knytt til dette. Her er det fokus på miljøarbeid, og vårt mål er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng. Gjennom eit kompetent team vil vi fokusere på individuell tilnærming og aktivisering, slik at kvar enkelt kan oppleve glede og livskvalitet.
Arbeidsoppgåver
Som pleieassistent er du ein viktig del av den faglege standarden og utviklinga i avdelinga du arbeider på. Du arbeider sjølvstendig og i
samarbeid med andre for å gi heilskapleg omsorg og behandling. Samarbeid på tvers av avdelingar og faggrupper er avgjerande for at
bebuarane skal få best mogleg behandling og pleie. Du inngår i det tverrfaglege samarbeidet mellom sjukepleiar, helsefagarbeidar,
fysioterapeut, ergoterapeut, sjukeheimslege med fleir.
Kompetansekrav
Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg.
Fordel med erfaring innan pleie og omsorg.
Kven er du?
Vi søkjer etter pleieassistent som har eit genuint engasjement for eldreomsorg, og som vil væra med på å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for pasientar og kolleger. Du bidrar til eit positivt arbeidsmiljø og har fokus på samarbeid. Du er ein sjølvstendig medarbeidar, har eit godt fagleg fokus, og er samvittighetsfull i din utøving av yrket.
Vi tilbyr
Løn etter avtale
Studentløn for sjukepleiar-/vernepleiarstudentar
God pensjonsordning
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneKontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
67d9fb0e-8ed2-40ce-a044-ba59164ee8ad
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10264367