Hopp til innhold

Bonusordning - Barnehagelærar, i inntil 100% fast stilling

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Dalsbygda 54, 5960 Dalsøyra

Om jobben

Stillingstittel
Dalsøyra barnehage og skule. Tilsetjing i inntil 100% fast st. barnehagelærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 11. desember

Om stillinga

Vil du vere med og skape ein trygg, god og inspirerande kvardag for barnehagebarn? 

Gulen kommune, for tida ved Dalsøyra barnehage og skule, avdeling Dalsøyra barnehage, søkjer etter i inntil 100% fast stilling som barnehagelærar frå snarast. 

Det er knytt bonus på 100 000kr (i 100% stilling) til denne stillinga for kvalifisert person, ved bindingstid på to år i stillinga. Bonusen vert som hovudregel betalt ut på slutten av bindingstida, om ikkje anna vert avtalt.  

Dalsøyra barnehage og skule består av 1-10- skule og barnehageavdelingar på Dalsøyra og i Hovden. Klikk deg inn her for å sjå meir om barnehagen på Dalsøyra. 


Barnehagane i Gulen har: 

  • Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
  • Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilbod om rettleiing
  • Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen

Arbeidsoppgåver for pedagogisk leiar 

  • Planlegge, setje i verk, dokumentere og evaluere det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde
  • Leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drfita av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
  • Delta i den daglege drifta

Kvalifikasjonar 

  • Utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærerutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med videreutdanning i barnehagepedagogikk.
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest ved tilsetjing 

Personlege eigenskapar 

  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med barna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Har evne til å sjå kvart enkelt barn, og skape gode og trygge relasjonar med barna
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både barn og vaksne
  • Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering 
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Kontaktperson for stillingen

Solveig Kristine Haveland

Einingsleiar Dalsøyra barnehage og skule

+4747632338

solveig.kristine.haveland@gulen.kommune.no

Om bedriften

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2301 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

67688acd-2f6e-46e4-b0ac-445162d0ae60

Sist endret

27. november 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10317524

Lignende annonser

Laster lignende annonser