Miljøterapeut/miljøarbeidar
Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta Leikanger
Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
Me i Bu- og miljøtenesta sone Leikanger i Stadheimsgarden har ledige stillingar. Me yt tenester til menneske med ulike typar nedsett funksjonsevne. Tenesta omfattar personelg assistanse, opplæring og oppfølging i dagleglivet og fritid. Me jobbar langvakter, som er på 12 timar. Med denne arbeidstidsordninga får tenestemottakar og du som tilsett, moglegheit til å jobbe tett og målretta over tid. Arbeidstidsordninga er lagt opp slik at ein jobbar i t.d. 3-4 dagar og så fri inntil ei veke. Passar godt for deg som likar og jobbe intensivt, og så lengre friperiode. Med å jobbe med oss får du vere del av eit team som består av godt kvalifiserte kollegar.
Sogndal kommune sone Leikanger har ledig to 100% stillingar - vikariat som miljøterapeut/miljøarbeidar i bu- og miljøtenesta i Leikanger. Stillingane er ledig frå januar 2026. Arbeidsgjevar tek atterhald om at det kan kome fleire faste stillingar/vikariat i utlysingsperioden som og kan bli handsama med same søkjargruppe.
Ledige stillingar:
2 x 100% stilling - vikariat i Stadheimsgarden. Langvakter på 12 timar.
Sentrale ansvarsområde:
Målretta miljøarbeid
Journalføring
Bistand til daglege gjeremål
Ivareta tenestemottakar si sjølvstendigheit og utvikling
Motivere til aktivitet, trening og sosialisering
Bidra til god livskvalitet, gode relasjonar og eit godt arbeidsmiljø
Primærkontakt- og koordinatoroppgåver kan bli delegert frå leiar
Andre oppgåver ved behov
Kvalifikasjonar:
3- årig helse-sosial- eller pedagogiske fag frå høgskule og/eller universitetsnivå eller vidaregåande opplæring innan helse- og omsorgsfag
Fordel med erfaring frå arbeid med menneske med nedsett funksjonshemming
Fordel med kjennskap til Gerica, Microsoft 365 og Visma flyt ressursstyring
Beherske norsk skriftleg og munnleg
Førarkort klasse B – manuell gir
Personlege eigenskapar:
Omsorgsfull
Skape tillit til tenestemottakar, kollegaer og pårørande
God lagspelar
Trygg på deg sjølv og eiga rolle
Løysingsorientert og fleksibel
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Spesielle vilkår for stillinga:
Den som vert tilsett må leggje fram:
- Tuberkolose/MRSA-skjema, evt. Tuberkulinattest av ny dato
- Politiattest av ny dato
Me tilbyr:
Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Gode velferdsordningar
Løn etter tariff
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
674f420c-5ac6-4f98-8e89-ff1afed68e46
- Sist endret
18. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3576575_209577_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta Leikanger
Sted
Leikanger
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta Balestrand
Sted
Leikanger
Arbeidsgiver
Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta Sone Sogndal
Sted
Sogndal