Vil du jobbe som BPA-assistent i Austevoll?
Anonym arbeidsgiver
5397 Bekkjarvik
Om jobben
- Oppstart
- 20. november 2026
- Stillingstittel
- BPA assistent
- Type ansettelse
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
På vegne av arbeidsleiaren vår i Austevoll søkjer vi no etter nye BPA-assistentar. Arbeidsleiaren klarer seg godt sjølv i kvardagen, men på grunn av synsnedsetjing har han behov for praktisk bistand til enkelte daglege gjeremål.
Som BPA-assistent vil du bidra til at kvardagen går litt enklare. Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere handling, rydding og vask i heimen, matlaging og lettare vedlikehald. Du må også kunne vere med på aktivitetar, trening, transport og reiser.
Vi søkjer etter éin til to faste assistentar, i tillegg til tilkallingsvikarar.
Arbeidsoppgåver
- Husarbeid og praktisk bistand i heimen
- Lettare vedlikehald inne og ute
- Bistand med matlaging
- Vere med på handleturar
- Assistere ved transport
- Bistå ved kortare og lengre reiser
- Vere med på aktivitetar og trening
Arbeidstid
Ønska kvalifikasjonar
- Har førarkort klasse B
- Har tilgang til eigen bil
- Har gode norskkunnskapar
- Er påliteleg, fleksibel og trivst med praktiske arbeidsoppgåver
- Personleg eigenheit og god kjemi med arbeidsleiar vil bli tillagt stor vekt.
- Dette kan vere ei fin stilling for deg som ønskjer ein variert og meiningsfull jobb, der du bidreg til at ein annan person kan leve eit sjølvstendig og aktivt liv.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb med stor betydning i kvardagen til eit anna menneske
- Moglegheita til å bidra til auka livskvalitet og sjølvstende
- Eit nært og triveleg arbeidsmiljø
- Grundig opplæring og tett oppfølging frå arbeidsgivar og arbeidsleiar
- Tilgang til kurs og fagressursar gjennom NHI
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi å høyre frå deg!
Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakte koordinator Agnethe Lynn Ytrøy på ay@assent.no.
Kontaktperson for stillingen
Agnethe Johanne Ytrøy
Om bedriften
Assent har organisert BPA-tjenester siden 2014. I dag har vi konsesjon på levering av BPA i flere kommuner over hele landet. Vi har medarbeidere med god kjennskap til ordningen og arbeidsgiverrollen, samt lang erfaring med organisering av individuelle tjenester både i og utenfor hjemmet. For oss er det viktig at arbeidleder i størst mulig grad kan leve et uavhengig og selvstendig liv. Assent er medlem i NHO og våre tjenester er i henold til ISO 9001,ISO 14001 og OHSAS 18001.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
66da07fc-baf0-43c3-a52d-ada085ca418d
- Sist endret
9. oktober 2026
- Hentet fra
websystemer
- Referanse
k88_t3000632