Pedagogisk medarbeidar
Tysnes kommune
Amundsstølen 1, 5680 Tysnes
Om jobben
- Stillingstittel
- Pedagogisk medarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. august
Kanskje du er den rette til å gjere ein forskjell for elevane våre?
Ønskjer du ein meiningsfull arbeidskvardag der du får vere ein viktig støttespelar i elevane si faglege og sosiale utvikling? Tysnes kommune søkjer ein engasjert og dedikert pedagogisk medarbeidar til Tysnes skule.
Ved Tysnes skule har me ledig ei fast stilling på 68 %. Stillinga følgjer eleven gjennom skulekvardagen, og har arbeidsfri i skulen sine undervisningsfrie periodar.
Tysnes skule er ein barne- og ungdomsskule med om lag 200 elevar og 35 tilsette. Me har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og eit meistringsklima der medarbeidarane blir motiverte av å lære, utvikle seg og gjere kvarandre gode.
Skulane i Tysnes kommune skal vere ein trygg og god stad for både elevar og tilsette. Me arbeider for ein variert og tilpassa skulekvardag som rustar barn og unge for framtida.
Me søkjer deg som trivst med å arbeide i skulen, og som brenn for å jobbe med barn og unge med særskilde behov. Som pedagogisk medarbeidar får du ansvar for oppfølging av enkeltelevar eller mindre elevgrupper. Du får ei viktig rolle og høve til å gjere ein stor forskjell i elevane sin skulekvardag.
Ta gjerne kontakt med kontaktpersonen dersom du har spørsmål om stillinga eller ønskjer meir informasjon.
Arbeidsoppgåver
- Støtte enkeltelevar og elevgrupper i skulerkvardagen, både fagleg og sosialt.
- Planleggje og gjennomføre aktivitetar i tråd med eleven sin individuelle plan og skulen sine satsingsområde.
- Ha uteinspeksjon, legge til rette for leik og observere elevane i ulike situasjonar.
- Vere ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell for elevane.
- Samarbeide med lærarar, føresette og eventuelt andre samarbeidsinstansar.
- Kunne steppe inn som vikar ved fråvær i klassar du er knytt til.
- Samarbeide med lærarar om tiltak som fremjar inkludering og sosial læring for enkeltelevar og for elevane på trinnet.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget er ønskjeleg. Søkjarar utan fagbrev, men med lang og relevant erfaring, kan òg bli vurderte.
- Det er ønskjeleg med erfaringt frå og interesse for arbeid med barn med særskilde behov.
- Erfaring som skuleassistent er ein fordel.
- Du må meistra norsk svært godt, både munnleg og skriftleg.
- Arbeidet kan vere fysisk krevjande, og me treng ein robust medarbeidar som kan stå i dette.
Ved ei eventuell tilsetjing må du leggja fram:
- Politiattest jf. opplæringslova § 17-11.
- Eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulose.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- har evne og vilje til å skape gode relasjonar med elevane.
- ser elevane sitt potensial og moglegheiter.
- er ein trygg og tydeleg vaksen.
- kommuniserer godt og samarbeider godt med andre.
- toler krevjande situasjonar og klarer å halde deg roleg.
- er løysingsorientert, fleksibel og initiativrik.
- har eit jamt og stabilt humør.
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
Kvifor skal du jobba hos oss?
Hos oss får du både faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø prega av rausheit, delingskultur og høg kompetanse. Skulen ligg tett på flotte naturområde, som me aktivt nyttar i undervisninga.
Tilsetjing hos oss gjev deg medlemskap i KLP- kommunens pensjonsselskap. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt mogelegheit til å søkja om bustadlån med gunstige vilkår.
Du blir tilsett i rett stillingskode ut frå kompetanse, med lønsplassering kapittel 4 i det kommunale regulativet. Ansiennitetstrinna går her frå 0-16 år. Løna blir justert årleg gjennom sentrale forhandlingar. Somme år vert det gjennom dei sentrale forhandlingane også tildelt ein pott til lokale justeringar
I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.
Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen.
Informasjon til søkar
Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.
Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.
Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.
Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utanfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når me tel både store og små, er me om lag 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.
Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
662a1b78-db7f-4395-a9e7-d7d10d68a778
- Sist endret
16. juli 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10303788