Viti søkjer ein kunnskapsrik og visjonær kurator
Stiftinga Viti
Apotekergata 16, 6004 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Kurator
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 17. oktober
Kunstmuseet i Viti søkjer ein kunnskapsrik og visjonær kurator med særleg ansvar for jugendstil og skulptur frå perioden rundt 1900. Som kurator ved Jugendstilsenteret og KUBE, samt Anders Svor-museet, får du høve til å påverke utviklinga av samlingane, planleggje og gjennomføre utstillingar, og bidra til forsking og dokumentasjon innan feltet. Vi tilbyr eit godt og ambisiøst fagfellesskap, med varierte oppgåver.
Vi ser etter deg med relevant kuratorerfaring, helst frå samling- og utstillingsarbeid i museum. Kan du i tillegg vise til forsking og publisering innanfor fagområdet, er det ein fordel. Du er systematisk, kreativ og har svært gode samarbeidsevner.
Arbeidsoppgåver-
Kuratering og prosjektleiing av utstillingar
-
Dokumentasjon og katalogisering av gjenstandar i Primus
-
Bidra til samlingsutvikling og programmering
-
Forsking, kunnskapsutvikling og publisering
-
Kunnskapsformidling til eit breitt publikum
-
Nettverksbygging innanfor fagområdet nasjonalt og internasjonalt
-
Administrative oppgåver som prosjekt- og budsjettstyring, søknadsskriving, evalueringsarbeid, rapportering og dokumentasjon
-
Høgare utdanning på master- eller doktorgradsnivå i kunsthistorie eller tilsvarande fagfelt
-
Relevant og solid erfaring som kurator, helst frå kunstmuseum
-
Erfaring med forsking og publisering
-
Spesialisering innan jugendstil og/eller skulptur rundt 1900 er ein fordel
-
Svært gode gjennomføringsevner
-
Svært god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk/skandinavisk og engelsk
-
God digital kompetanse
-
Ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
-
Løn etter tariff
-
Fleksibel arbeidstid
-
Medlemskap i Kommunal Landspensjonskasse med gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2 % innskot til pensjonskassa.
Viti har arenaer fleire stader på Sunnmøre, og noko reiseverksemd må påreknast. Sidan kollektivtilbodet varierer vil det vere ein fordel om søkjaren har førarkort.
Stillinga rapporterer til fagdirektør kunst. Kontorstad i Ålesund sentrum.
Send søknad og CV til post@vitimusea.no
Søknadsfrist: 17.oktober
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det.
Om bedriften
Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Museet er ein profesjonell vitskapeleg institusjon med over 60 tilsette og mange frivillige. Viti er organisert i tre fagavdelingar; kunstfagleg avdeling, kulturhistorisk avdeling og avdeling for samling og bevaring. Administrasjonen ligg i Ålesund, og museumsarenaene for kunst er Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund kommune, og Anders Svor-museet i Volda kommune.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6619019d-ff5c-4843-928a-695479b7f59d
- Hentet fra
FINN
- Referanse
428304163