Digitaliseringssjef
Stab for organisasjon og tenesteutvikling, Møre og Romsdal fylkeskommune
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Om jobben
- Stillingstittel
- Digitaliseringssjef
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest onsdag 7. januar
Vil du vere med å forme den digitale utviklinga til fylkeskommunen?
Vi er inne i ei spennande tid, med auka satsing på digitalisering og bruk av kunstig intelligens. Vi søker ein strategisk og initiativrik digitaliseringssjef som kan leie arbeidet med utvikling av digitale løysingar og tenester til nytte for innbyggarar og tilsette.
Vi treng løysingar som frigjer tid, forenklar kvardagen og styrker samhandlinga. Du får ei sentral rolle med å skape samanheng mellom organisasjonen sine behov og dei digitale løysingane som skal møte desse.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver- Utvikle og leie ein ny digitaliseringsseksjon
- Utarbeide strategiar og planar for digitalisering og KI
- Utvikle digital kompetanse og innovasjonskultur i organisasjonen
- Bidra til god samhandling med IT-seksjonen, og med dei ulike fag- og stabsområda i organisasjonen
- Leie behovs- og porteføljestyringa av digitaliseringsarbeidet i eit strukturert samarbeid med IT-sjefen og digitaliseringsteam
- Fasilitere utviklingsprosessar for å fornye, forenkle og forbetre arbeidsprosessar og tenester
- Vidareutvikle prosjektverktøy og gje støtte til gevinstarbeid i organisasjonen
- Ivareta krav til informasjonssikkerheit og personvern i digitaliseringsarbeidet
- Representere fylkeskommunen i relevante digitaliseringsnettverk og samarbeid både på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning
- Leiarerfaring, gjerne frå komplekse organisasjonar
- Erfaring med å fasilitere og leie digitaliseringsprosessar
- Kunnskap om IT-arkitektur og gevinstarbeid
- Evne til å vurdere nye løysingar og trendar opp mot verksemda sine behov
- Er strukturert og har gjennomføringsevne
- Er ein relasjonsbyggar med gode samarbeidsferdigheiter
- God norsk skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
- Kjennskap til offentleg sektor er ønskeleg
Vi tilbyr
- Ei sentral rolle i utviklinga av framtidas digitale fylkeskommune
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon
- Konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar
Om arbeidsplassen
Stab for organisasjon og tenesteutvikling blir leia av organisasjonssjefen og inneheld HR-seksjonen, kommunikasjonsseksjonen, digitaliseringsseksjonen og IT-seksjonen (med team for infrastruktur og brukarstøtte). Seksjonsleiarane inngår i avdelinga si leiargruppe. Vi har kontorarbeidsplassar både ved fylkeshuset i Molde, Campus Kristiansund og NMK i Ålesund. Denne stillinga ønsker vi primært lokalisert i Molde, men vil kunne vurdere delt arbeidsstad mellom Molde og Kristiansund eller Ålesund.
Kontaktinformasjon
Dag Lervik, Organisasjonssjef, 95173038Arbeidsstad
Julsundvegen 96412 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5046483860
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Dag Lervik
Organisasjonssjef
95173038
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer medarbeidarar som tek ei aktiv, engasjert, reflektert og ansvarleg rolle i organisasjonen vår. Hos oss møtast menneskjer med ulik kompetanse- og utdanningsbakgrunn for å skape gode tenester til våre innbyggarar.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av mangfald, og vi oppfordrar difor alle som er kvalifisert i henhald til stillingas krav, til å søkje hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For tilsetting i skole og tannhelsetenesta krevst det politiattest av kandidater som får tilbud om stilling.
Dersom det kjem fram av din søknad at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på følgjande: Opplysningar om søkar kan gjerast offentleg sjølv om søkar har bedt om konfidensiell behandling.
Søker vil da få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Lenke til: Stab for organisasjon og tenesteutvikling - Møre og Romsdal fylkeskommune
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
651272f6-6c9b-42fa-9db7-a4bff733f6e8
- Sist endret
12. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4953447bb540444996a24fab11f3fba3
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Kompetanse- og næringsavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune
Sted
Molde
Kommunalsjef samfunnsutvikling
Arbeidsgiver
Aukra kommune
Sted
Aukra
Enhetsleder
Arbeidsgiver
Molde kommune Glomstua omsorgsdistrikt
Sted
Molde