Hopp til innhold

Faglærer ved maskinoffisersutdanningen

Arbeidsgiver

OPK-FV - Avd. Maritim Nygård, Vestland fylkeskommune

Sted

Odd Frantzens plass 6, 5008 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Faglærer ved maskinoffisersutdanningen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
3
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. november

Vil du være med å utdanne framtidas maritime leiarar og bidra til utviklinga av maskinoffisersutdanninga? Ønsker du å jobbe med motiverte studentar? Då kan dette være stillinga for deg! Avdelinga i Bergen søkjer ein engasjerande og fagleg dyktig person til å bli ein del av vårt team.


Med over 2000 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 170 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø. Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekk seg over fleire år og kortare utdanningar. Vi ligg langt framme når det gjeld bruk av synkron og asynkron undervisning, og vi legg stor vekt på å utnytte det digitale framtidsrommet. Skulen utviklar også utdanningar innan omgrepet Industri 4.0, og har moderne utstyr/simulatorar som nyttast i undervisninga. Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden.  Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning og rettleiing innan maskintekniske fag & emner.
  • Oppfølging og vurdering av studentane si faglege utvikling.
  • Samarbeid med kollegaer, fagmiljø og relevante aktørar i næringa.
  • Oppfølging og vurdering av studentane si faglege utvikling.

Kvalifikasjonar

  • Maskinister med M1 eller M2 sertifikat.(trenger ikke være gyldig)
  • Personer med relevant mekanisk/elektro utdanning.
  • Personer med relevant Ingeniør utdanning.
  • Relevant videreutdanning

Personlege eigenskapar

  • Gode formidlingsevner og engasjement for fag og undervisning
  • Sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst

Vi tilbyr

  • Ein triveleg arbeidsplass sentralt i Bergen sentrum i et engasjert team av lærarar. Maskinist studiet har svært gode søkjartal og har motiverte og engasjerte studentar med praktisk erfaring frå sjøen.
  • Fleksibel arbeidstid med moglegheiter for heimekontor. Arbeidstida følger skoleåret med avspasering i skoleferiane.
  • Konkurransedyktige lønnsvilkår. 
  • Etter- og vidareutdanning iht. myndigheiter sine krav for maritimt undervisningspersonale blir betalt av arbeidsgjevar
  • Moglegheiter for å delta i utvikling, prosjekt, konferansar og meir.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar. Innskuddspensjon i Statens Pensjonskasse.
  • Arbeidsstad er Skulens Studiestad på  Nygård, Odd Frantzens plass 6

Kontaktinformasjon

Geir Jakobsen, +47 92280836

Arbeidsstad

Odd Frantzens plass 6
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5195606597
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Geir Jakobsen

+47 92280836

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

64d939b3-79d3-4a30-a48b-251f48c542a3

Sist endret

28. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

114aa5e1c456490194faf5cb886dd69e

Lignende annonser

Laster lignende annonser