Hopp til innhold

Rektor kulturskule

Arbeidsgiver

Klepp kommune, Tenesteområde barn og unge

Sted

Kleppelundvegen 17, 4350 Kleppe

Om jobben

Stillingstittel
Rektor kulturskule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 30. august

Vil du vera med på å forma framtida for Klepp kulturskule?

Klepp kulturskule er ein inkluderande arena for kunst, kultur, læring og meistring for barn og unge.  
Kulturskulen har 380 elevplassar og 21 tilsette. Skulen samarbeider tett med skulekorpsa i kommunen gjennom dirigentordningar og elevplassar, og har i tillegg eit godt samarbeid med kulturskulane i Hå og Time om felles fordjupingstilbod. Tre av dei tilsette har òg ein utøvande del av stillinga si som musikarar i Jæren Symfoniorkester.

Kulturskulen driv eit eige prosjekt der elevar får undervisning i dans og drama i SFO-tida som ein integrert del av det ordinære SFO-tilbodet. Gjennom Den kulturelle skulesekken (DKS) legg kulturskulen til rette for eit variert kulturtilbod i kommunen, koordinert av ein eigen produsent i samarbeid med styringsgruppa. I tillegg tilbyr kulturskulen musikkterapi ved ni ulike lokasjonar og institusjonar.


Arbeidsoppgåver

Som rektor i vår kulturskule skal du:

  • Ha overordnet ansvar for daglig drift og kontinuerlig utvikling av kulturskulen
  • Ha ansvar for fag, økonomi og personal, samt administrative oppgåver
  • Samarbeida med kommunen sine skulekorps
  • Sørgja for godt HMS- og kvalitetsarbeid med medbestemming
  • Sørgja for eit godt og inkluderende arbeidsmiljø, god samhandling og ressursutnyttelse
  • Leggja til rette for kompetanseheving og personleg utvikling for den einskilde medarbeidar
  • Delta aktivt i leiargruppa og i strategisk utviklingsarbeid på tvers av hele kommuneorganisasjonen
  • Arbeida i tråd med kommunens verdi om å ha blikk for alle

Kvalifikasjonar

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning, gjerne innan kunst- eller kulturfag eller pedagogikk. Lang og relevant erfaring kan kompensera for ønskja utdanning.
  • Vidareutdanning innan leiing er ønskeleg. Søkjarar utan leiarutdanning må rekna med å ha påbegynt dette innan 2 år etter oppstart.
  • Erfaring frå arbeid i kulturskule eller tilsvarande skuleslag.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, og evne til å kommunisera effektivt og profesjonelt

Det er en fordel om du også har:

  • Leiarerfaring, helst med personalansvar
  • God digital kompetanse og evne til å setta deg raskt inn i nye digitale systemer
  • Erfaring med produksjon av både større og mindre arrangementer
  • Relevant kompetanse innan eksempelvis endringsleiing eller samskaping
  • Erfaring med alle sider av prosjektarbeid, inkludert prosjektfinansiering
  • Kjennskap til kommunal forvalting eller offentleg verksemd
  • Erfaring med kontorprogrammer for bl.a. saksbehandling, økonomistyring og elevadministrasjon (Klepp kulturskule nyttar SpeedAdmin)
  • Førarkort for bil


Personlege eigenskapar

  • Ein tydeleg og involverande leiar som skaper retning, engasjement og tillit, og som står støtt i avgjerdene sine. Samstundes evnar du å få med deg folk og byggja gode fellesskap.
  • Kreativitet og skaparglede motiverer deg, og du trivst med å leia i eit kunst- og kulturfagleg miljø. Du ser samstundes verdien av struktur, prioriteringar og tydelege rammer.
  • Evne til å sjå, inkludera og utvikla både medarbeidarar og elevar er viktig for deg. Du bidreg til eit arbeids- og læringsmiljø prega av respekt, mangfald og tilhøyrsle.
  • Med blikk for utvikling og nye moglegheiter ser du korleis kulturskulen kan bidra til å styrkja lokalsamfunnet. Du arbeider heilskapleg og forstår kulturskulen si rolle i å møta kommunen sine overordna mål og utfordringar.
  • Fleksibilitet er ein naturleg del av leiarrolla. Du forstår at kulturskulen har aktivitetar òg utanom ordinær arbeidstid, og er tilgjengeleg når det trengst på kveldar og i helgar.

Me legg stor vekt på at du må vera personleg eigna i denne rolla.

Vi tilbyr

  • Spanande og utfordrande jobb i nye lokalar og i tett samarbeid med fritid barn og unge
  • Lønn etter avtale
  • Opplæring for nye leiarar
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysing, gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
  • Tilsetjingspunkt etter avtale

Kontaktinformasjon

Siri Svanøe Endresen, Skulesjef, +47 41437427

Arbeidsstad

Kleppelundvegen 17
4350 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5162383390
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Siri Svanøe Endresen

Skulesjef

+47 41437427

Om bedriften

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800  tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.

Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.

Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

64aadcd8-5c41-4b10-ac65-b316872a1712

Sist endret

11. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d2bb7cd408974f12bed2f656f711212a

Lignende annonser

Laster lignende annonser