Vil du jobbe ein stad der du blir sett, inkludert og får utvikle deg fagleg? Me treng nye kollegaer som vil bli ein del av det gode arbeidsmiljøet vårt.
Suldal kommune Suldal sjukeheim
Eidsvegen 1, 4230 Sand
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. november
Suldal sjukeheim har ledig vikariat som sjukepleiar i 100 % stilling.
- Me har to pleieavdelingar med totalt 38 rom
- Me har årsturnus
- Me kan love deg dyktige og engasjerte kollegaer
- Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme
- Me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet
- Stillingsstorleik: 100 %
- Stillingstype: vikariat
- Turnus: todelt turnus med arbeid kvar 3. helg, moglegheit for langvakter i helg
- Oppstart: snarast, eller etter avtale
- Vikariat: til 31.08.2027, moglegheit for forlenging
Ved intern omrokkering kan anna stilling verta ledig
Arbeidsoppgåver- Autorisasjon som sjukepleiar
- Personlege eigeskapar vil bli vektlagt
- Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar med tryggleik og respekt
- Gode datakunnskapar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Me ser etter deg som:
- Er trygg og sjølvstendig i faglege vurderingar
- Tek ansvar og arbeider strukturert
- Er lærevillig og nysgjerrig på velferdsteknologi
- Bidreg positivt til arbeidsmiljø og samarbeid
- Sjukepleiarar får eit tillegg på kr. 25.000 hjå oss, og spesialsjukepleiarar får eit tillegg på kr. 30.000.
- Me har rekrutteringsbustadar du kan søkje på for å prøvebu i Suldal. Sjå her: Prøvebu i Suldal - Suldal kommune heimeside
- Me har gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
- Me har bedriftshelseteneste
- Me har løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Me har nynorsk som administrasjonsspråk
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjent politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltredning. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarliste
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar
- Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju
- Treng du hjelp kan du kontakte kommunen på tlf. 52 79 22 00
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nye Suldal sjukeheim får 38 plasser fordelt på to avdelingar. Suldal sjukeheim er heimen til innbyggjarane som av ulike orsakar ikkje har helse til å bu i eigen heim lenger. Me har langtidsplassar og korttidsplassar, kommunal akutt døgnpost, og drive avansert sjukepleie og medisinsk behandling. Me driv rehabilitering, avlastning og palliativ omsorg ved livets slutt. Innan fem år har me mål om å vera sertifisert Livsglede sjukeheim. Å ha gode etiske haldningar og tid til refleksjon er viktig for oss. Me har fokus på gode pasientforløp og jobbar etter «Kva er viktig for deg?» prinsippet. Me yt personsentrert omsorg, og er i ferd med å implementere TID-modellen.
Me har eige kjøkken og vaskeri, og samarbeider tett med helseavdelinga, tildelingskontoret og Suldal heimetenester.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
64777e5b-09d7-49d7-afb4-2274da793d6b
- Sist endret
16. oktober 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3671213_203551_nn