Skipsfører i sambandet Stårheim-Isane, pt. MF Selje
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
6777 Stårheim, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Skipsfører i sambandet Stårheim-Isane, p.t. MF Selje
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 24. oktober
Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har no ei ledig stilling som skipsførar i sambandet Stårheim-Isane, p.t. MF Selje.
Kvifor velje oss?
- Variert og spanande arbeid: Du vil ha ein variert arbeidskvardag, med spanande/ferdigheitsutviklande arbeid.
- Fleksibel skiftordning: Døgnskift - 2 veker på, og 1 veke av/2 veker på, og 3 veker av gir ein god balanse mellom arbeid og fritid.
- Kjekke kollegaer: Bli del av eit team med dyktige og hjelpsame medarbeidarar.
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges ledande ferjerederi!
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Sikkkerheitsstyring
- Energileiing
- Ansvarleg for teknisk og operativ sikkerheit
- Ansvarleg for personleg tryggleik
- Ansvarleg for miljømessig tryggleik
- Skipsførar er leiar ombord
- Andre oppgåver i høve til stillingsinstruks
Kvalifikasjonar
- Minimum D3 sertifikat
- ROC/GMDSS sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
Vi søker ein erfaren og ansvarsbevisst skipsfører med gode leiareigenskapar og fokus på tryggleik og kvalitet. Du må vere løysingsorientert, sjølvstendig og ha evne til å inspirere og motivere mannskapet. Om desse eigenskapane beskriv deg, så tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Offisersforbund
- Skiftordning: Døgnskift - 2 veker på, og 1 veke av/2 veker på, og 3 veker av
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
Kontaktinformasjon
Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, sigrunn.hellebust@fjord1.noArbeidsstad
6777 Stårheim
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5026710585
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6418251a-62eb-4074-8246-9b09af93a201
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bc681a8f1b2f42eb9bb3e9b801c37920