100% fast stilling - Vernepleiar i nyoppretta burettslag
Alver kommune
Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
- Vernepleiar - 100% fast x4 - Mjåtveitstø
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. januar
Nyoppstarta burettslag
Me søkjer etter 4 engasjerte vernepleiarar til eit nytt burettslag med planlagd oppstart mars/april 2026.
Som tilsett vil du få ein unik moglegheit til å vera med frå starten av eit nytt tiltak, og aktivt bidra til å forma arbeidsmiljø, faglege rutinar og tenestetilbodet for tenestemottakarane. Dette er ei spennande stilling for deg som ønskjer å vera med og byggja gode, trygge og framtidsretta tenester. Burettslaget er lokalisert på Frekhaug. Stillingane er knytt til turnus med både langvakter og kortvakter, med arbeid kvar 4. helg i langvakter.
Burettslaget skal vera heimen til 8 vaksne personar med ulike behov for bistand og oppfølging i kvardagen, og vil ha behov for individuelt tilpassa støtte og oppfølging, mellom anna knytt til:
- miljøterapeutisk oppfølging
- rettleiing i daglege gjeremål og meistring av eige liv
- sosial deltaking, kommunikasjon og struktur i kvardagen
- helse- og omsorgstenester etter individuelle vedtak
Om stillingane
Som vernepleiar vil du få ta del i utviklingsarbeid, systemarbeid samt vere sentral i tenesteytinga.
Du må trivast med å arbeida strukturert og variert, samt ha evne til å halde hovudet kaldt og vere løysingsorientert når det oppstår uforutsette situasjonar. Me søkjer deg som likar ansvar, er fagleg engasjert og tek utfordringar på strak arm. Saman har me som mål å levere gode tenester til tenestebrukerne og skape ein god arbeidsplass.
Oppstart på stillingane er er etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Planleggje og tilretteleggje for gode, individuelle tenester etter den einskilde sitt vedtak og behov
- Arbeide målretta med miljøterapeutiske tiltak
- Sikre forsvarleg dokumentasjon og evaluering av tiltak i samsvar med gjeldande faglege og juridiske rammer
- Ivareta primærkontaktoppgåver
- Rettleiing og opplæring av kollegaer og studentar
- Bidra til sjølvbestemming, utvikling og meistring hos tenestemottakarane
- Leggje til rette for godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre fagpersonar
- Bidra til eit godt omdømme, arbeidsmiljø og fagleg utvikling i personalgruppa
- Følgje gjeldande rutinar for legemiddelhåndtering
- Sikre at tiltak i tråd med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 vert ivaretekne på ein trygg og fagleg forsvarleg måte
- Utføre andre oppgåver delegert frå leiar
Kompetanse
- Godkjent utdanning og autorisasjon som vernepleiar.
- Sjukepleiar med relevant erfaring kan og bli vurdert.
- Erfaring med arbeid innan habilitering og miljøarbeid i bufellesskap.
- Førarkort
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Trygg på bruk av digitale verktøy og dokumentasjonssystem
Vidare søkjer me deg som har:
- Kjennskap til og gjerne kompetanse i å utforme og gjennomføre vedtak etter kapitel 9 jf. Helse- og omsorgslova
- God forståing for tryggleik, struktur og omsorg
Personleg eignaheit vert vektlagt - me ser etter deg som er trygg, roleg og engasjert
Kven er du?
Du er ein fagleg trygg og engasjert vernepleiar med gode evne til å møte tenestemottakarane med respekt, varme og struktur. Du har erfaring med å jobbe med menneske som har autisme, funksjonsvariasjonar, ulikt bistandsbehov, åtferd som utfordrar - og du trivst med å vere ein viktig fagperson i kvardagen deira. Du må ha evne til å stå stødig i krevjande situasjonar og bidra til ro og tryggleik. Du ser moglegheiter der andre ser utfordringar og kan reflektera etisk og fagleg. Du kan jobbe sjølvstendig, men også i eit samarbeid.
Me ønskjer eit mangfald i personalgruppa og oppmodar menn til å søkje.
Personleg eignaheit vert vektlagt - me ser etter deg som har hjartet på rett stad og ønskjer å gjere ein forskjell.
Me tilbyr
- Ein dynamisk og spanande arbeidskvardag, der du får brukt vernepleiaren i deg!
- Oppfølging og rettleiing
- Årsturnus med moghegheit for innspel på arbeidstid
- Vernepleiarar ligg 9000 over tariff i Alver kommune
- Årsturnus med langvakter og arbeid 4.kvar helg
- Løn i samsvar med lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Habiliteringstenesta
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også koordinatorar for Individuell Plan.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
63c12408-d588-47ff-bd77-4cc9db042380
- Sist endret
22. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10275236
Lignende annonser
Vernepleiar/sjukepleiar/miljøterapeut - 100% fast/vikariat - Avlastningstenester for born og unge
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø
Vernepleier/sykepleier/fagarbeider i Avlastningsbustader.
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø
Helsefagarbeider / assistent / Dag/Natt fast - Mjåtveitstø
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø