Jobb i vakre omgjevnader – fast 100 % stilling for lege
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter As
Hauglandsvegen 309, 6968 Flekke, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter søkjer ein engasjert lege som vil vere med på å gjere ein reell forskjell – i eit fagmiljø der vi ser mennesket bak diagnosen, og der ressursar og meistring står i sentrum.
Stillingstittel
Lege
Oppstart
1. november 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. september
Hva vi ser etter
Vi er overtydde om at alle menneske har ressursar -- sjølv etter skade eller sjukdom. I vår behandling er det desse ressursane vi vel å fokusere på. Vi jobbar intensivt og tverrfagleg, og er ein del av spesialisthelsetenesta. Som lege hos oss blir du ein nøkkelperson i eit breitt fagmiljø med høg kompetanse og eit felles mål: å gi pasientane betre livskvalitet og meistring i kvardagen.
Vi ser etter deg som har;
· Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
· Engasjement for samhandling og kompetansedeling
· Blikk for ressursar og evne til å motivere og funksjonsvurderingar
Arbeidsoppgaver
· Klinisk arbeid og tverrfagleg samarbeid
· Medisinske vurderingar og journalføring
· Undervisning og rettleiing
· Moglegheit for forsking og utviklingsarbeid
· Aktiv deltaking i innandørs og utandørs aktivitetar
Vi tilbyr
· Familievennleg arbeidstid: 08--15.30, utan vakter eller helgearbeid
· Sterkt fagmiljø med tverrfagleg samarbeid og internundervisning
· Fagleg utvikling: Kurs, vidareutdanning, hospitering og forskingsmoglegheiter
· Konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar
· Hjelp til bustad og gode velferdstilbod
· Ein jobb med meining -- i naturskjønne omgjevnader
Kontaktperson for stillingen
Marte Ulltang
Klinikkleiar
99507591
Om bedriften
Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein ideell organisasjon som har driftsavtale med Helse Vest RHF. Vi har omlag 75 årsverk, av desse er 3,0 legestillingar. Det kjem årleg kring 1000 pasientar til behandling individuelt eller på gruppe, fordelt på ni ulike ytingar; kreft, nevrologiske og nevromuskulære sjukdomar, hjerneslag og erverva hjerneskade, sanseforstyrringar, samansette og komplekse tilstander, sjukeleg overvekt, kroniske muskel- og bløtdelssmerter og arbeidsretta behandling. I tillegg har vi gruppetilbod for barn og unge innan ytinga tilpassa fysisk aktivitet, familie og utdanning.
Vi ligg i Flekke i Fjaler kommune, ein tettstad med nærheit til barnehage, skule, samt vidaregåande. Det tek ca. 45 minutt med bil til næraste flyplass og du kan vere i Oslo etter 1 time i fly. Om du ønsker å køyre til Bergen, tek dette om lag 3 timar. Helgependling er mogleg.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
63b9afb3-b1d7-4042-ab27-b3c06ed1e202
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
63b9afb3-b1d7-4042-ab27-b3c06ed1e202