Bioingeniør II
Mikrobiologi SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset
Om jobben
- Stillingstittel
- Bioingeniør II
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 4. september
Er du på jakt etter ein spennande jobb i ei avdeling med fokus på fagleg utvikling og som har flytta inn i heilt nye lokale?
Avdeling for medisinsk mikrobiologi - Mikrobiologi SNR søkjer bioingeniør II ved fagområde IN3 i 100 % fast stilling frå 1.oktober 2026.
Ved eventuell intern tilsetjing kan det bli ledig anna stilling ved seksjonen.
Avdelinga har eit vidt analyserepertoar fordelt på fagområder innan infeksjonsimmunologi, genteknologi og bakteriologi med mykologi. Med tanke på at vi er ei middels stor avdeling, leverer vi analyser og tenester utover standard repertoar, og vi er kjent for god service og høg fagleg kompetanse.
Avdelinga yt service til alle fire sjukehusa og til primærhelsetenesta i Møre og Romsdal. Avdelinga har stort fokus på kvalitet, utvikling og forbetring. Vi er samansett av fleire profesjonar og har tilsette i ulike aldrar, dette gjer at vi kan skryte av eit godt arbeidsmiljø med plass til alle, og der alle føler seg inkludert.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Arbeidsoppgåver
- Bistå, og vere stedfortredar for, fagbioingeniør ved fagområde IN3
- Delta i laboratoriet sine daglege arbeidsoppgåver
- Delta i laboratoriet sin vaktturnus
- Bidra til opplæring og rettleiing av seksjonen sine medarbeidarar, studentar eller andre som skal utføre arbeid i laboratoriet
- Bidra til å oppfylle avdelinga sine overordna mål, med fokus på kvalitetssikring, kvalitetsforbetring og kvalitetsutvikling
- Sørgje for å halde seg fagleg oppdatert
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør med norsk autorisasjon
- Om du har praktisk erfaring innan mikrobiologi ser vi på det som ein fordel
Personlege eigenskapar
- Strukturert - du arbeider nøyaktig, systematisk og effektivt
- Sjølvstendig - du trivast med å ta ansvar, men er ikkje redd for å spørje om hjelp
- Fleksibel og endringsvilleg - du er endringsmotivert og har gjennomføringsevne
- Du er positiv og medverker til eit godt arbeidsmiljø
- Du samarbeider godt med andre
- Du trivast med varierende oppgaver i ein hektisk kvardag
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit særdeles kompetent fagmiljø som vil at du skal lykkast
- Eit uformelt arbeidsmiljø med mykje humor og trivsel
- Krevjande, interessante og varierte arbeidsoppgåver, i eit føretak og ei avdeling i omstilling og utvikling
- Ein svært meiningsfull arbeidskvardag med et viktig samfunnsoppdrag
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Cecilie Eikrem Myklebust, Seksjonsleiar, cecilie.eikrem.myklebust@helse-mr.noArbeidsstad
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5159697970
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6378587e-3f02-4aac-a871-2e9c5005f6b1
- Sist endret
25. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
827fea31609e4608b5d637d04fc343d1