Helsesjukepleiar vikariat
Helsestasjon, skolehelse- og jordmortjenesten
Lektorvegen 12, 3800 Bø i Telemark, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesjukepleiar vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 15. september
Vil du vere med å fremje helse og trivsel blant barn og unge? Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk helsesykepleiar til ei spennande og meiningsfull stilling ved vår helsestasjon og skulehelseteneste.
Helsestasjonen og skulehelsetenesta er ein viktig del av det førebyggjande og helsefremjande arbeidet i kommunen. Vi arbeider tverrfagleg og tett saman med skular, barnehagar, fastlegar og andre kommunale tenester for å sikre god oppfølging av barn, unge og familiar.
Du vil bli del av eit kompetent og inkluderande fagmiljø med høg trivsel og stort engasjement for folkehelse.
Vi har ledig 100% vikariat, for tida i skulehelsetjenesten med oppstart fra oktober 2025 til juni 2026.
Arbeidsoppgåver
Som helsesykepleiar vil du ha varierte og viktige oppgåver, mellom anna:
- Helsestasjonsteneste for barn 0–5 år, inkludert vaksinasjon og helseundersøkingar
- Skulehelseteneste på barneskule og ungdomsskule
- Samtalar med barn og unge om fysisk og psykisk helse, trivsel og livsmeistring
- Rettleie og støtte til føresette
- Deltaking i tverrfagleg samarbeid og førebyggjande tiltak
- Dokumentasjon og journalføring.
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar- Offentleg godkjend sjukepleiar med vidareutdanning i helsesykepleie. Helsesjukepleiestudentar og sjukepleiarar kan også søke. Det er da ønskeleg med erfaring fra helsestasjonsarbeid eller skulehelsetjeneste.
- Gode digitale ferdigheiter
- Førekort kl B
- Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
- Disponere bil
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du er sjølvstendig, strukturert og fleksibel
- Du har evne til å skape tillit og tryggleik i møte med barn, unge og familiar
- Du har engasjement for folkehelse og førebyggjande arbeid
Personlege eigenskapar vektleggast.
Vi tilbyr
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.
Vil du bidra til å gjere ein forskjell i livene til barn og unge? Då håpar vi du søkjer!
Kontaktinformasjon
Linda Vala Bråthen, Einingsleiar, +47 41802845Arbeidsstad
Lektorvegen 123800 Bø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5009176888
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Linda Vala Bråthen
Einingsleiar
+47 41802845
Om bedriften
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
636be8bc-dd61-41ab-9e04-d48cdab35404
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fee2fdc6b75c4b9fbf8a2a403d1ca76b