Kokk / medarbeidar til økologisk kjøkken – vikariat
Sogn Jord- og Hagebruksskule
Skulevegen 24, 5745 Aurland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kokk/ medarbeidar til økologisk kjøkken – vikariat
Oppstart
1. november 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. september
Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ligg sentralt i Aurland kommune – ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga. Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat med DEBIO-godkjent kjøkken, ulike typar foredlingslokale og Ressurssenter (oppdrag, kurs og fagleg utviklingsarbeid).
SJH har ledig vikariat som kokk frå ca 1. november 2025.
Vi søkjer etter ein kreativ person som verdset å laga mat av eigenproduserte råvarer i sesong. Dette inneber mykje praktisk arbeid, men gjev til gjengjeld stor fridom til å boltre seg med særs kortreiste økologiske råvarer.
Arbeidsoppgåver
Hovudarbeidsoppgåvene er tillaging og servering av middag til elevar og tilsette på Sogn Jord- og Hagebruksskule.
Det førekjem og tillaging og servering av måltider når det blir halde kurs og andre aktivitetar på skulen.
Elles vanlege arbeidsoppgåver ved storkjøkken og internatdrift.
Kvalifikasjonar
Krav til utdanning og praksis- relevant fagleg utdanning/ fagbrev som kokk
- kunnskap om ernæring
- relevant arbeidserfaring innafor fagområdet
- interesse for økologisk landbruk og lokal matkultur
Personlege eigenskapar
Ønska personlege eigenskapar
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Ansvarsfull og løysingsorientert
- Påliteleg, tolmodig, engasjert
- Interesse for matfagleg utviklingsarbeid
- Meistra norsk skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Fylkeskommunale løns- og tilsetjingsvilkår
- Gunstig arbeidstid; arbeid på dagtid, avspasering på elevfrie dagar mogleg.
Kontaktinformasjon
Inger Kristin Dale, Avdelingsleiar, +47 99017975Arbeidsstad
Skulevegen 245745 Aurland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4996151720
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 01.11.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 28.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Inger Kristin Dale
Avdelingsleiar
+47 99017975
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
63543320-14a2-4f60-801f-f3d79b8cb115
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c7df8734cf974d37860aa9e37829a33c