Sjukepleiar i Heimetenesten Skodje - 100 % stilling
Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
Ådalsbakken, 6260 Skodje
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar i Heimetenesten Skodje - 100 % stilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. desember
I distriktet Skodje, har vi ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i heimetenesta. Arbeid er på dag/kveld og med arbeid kvar 3. helg. Ledig frå snarast.
Heimetenesta består av heimebuande i distriktet Skodje, samt omsorgsbustader. Kontorbasen vår er lokalisert i 1 etg. på Skodje omsorgssenter. I same bygg har ein både fleire sjukeheimsavdelingar, omsorgsleiligheiter, kontor til fysioterapeut og ergoterapeut, og institusjonskjøkken.
Heimetenesta har fleire brukarar som bur i omsorgsleiligheter. Dette inkluderer Ådalen allé, som er omsorgsleiligheter med heildøgns omsorg.
Vi yter tenester til heimebuande. Både til relativt friske brukarar, men også til alvorleg sjuke brukarar som krev høg fagleg
kompetanse. Heimetenesta er opptatt av å yte gode og verdige tenester i
brukarane sitt eige og trygge miljø. Vi nyttar ein del velferdsteknologisk
utstyr. Dette som støtte og hjelp for å kunne gi brukarane meir friheit til å
bu trygt heime.
I tenesta blir det nytta kommunale bilar som står under carport ved kontorbasen.
Skodje er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og
meir utfordrande. Ein har butikk og shopping like i nærheita, både på Digernes,
Moa og Ålesund sentrum.
Lokalmiljøet i distriktet Skodje har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og
kultur, kor osv.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer.
- Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen).
- Legemiddelhandtering.
- Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar.
- Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar.
- Fremje godt tverrfagleg samarbeid med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut og anna helsepersonell.
- Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar.
- Bidra til utvikling, engasjement og fagleg oppdatering på arbeidsplassen.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sykepleiar
- Relevant erfaring er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
- Beherske IKT-verktøy
- Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
- Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
- Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
- Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen mm)
Personlege eigenskapar
- Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på beboeren
- Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
- Sjølvstendig og samarbeidsorientert
- Ein god kollega som bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning
- Løn og arbeidsvilkår etter tariff
- KLP pensjonsordning
- Har godkjent Bedriftshelsetjeneste
Kontaktinformasjon
Linn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.noArbeidsstad
Ådalsbakken6260 Skodje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 5041765620
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
633db5d1-7c3e-45dc-a6a4-d818a3520c73
- Sist endret
17. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cf26e56e67ee468cb9ffb4accf8106f3
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Heimetenestene, Sykkylven kommune
Sted
Sykkylven
Sjukepleiar, 100 % vikariat avd. Døgnbemanna omsorgsleilegheiter
Arbeidsgiver
Spjelkavik omsorgssenter, Ålesund kommune
Sted
Ålesund
100 % fast stilling som sykepleier ved Hessa og Aspøy heimeteneste
Arbeidsgiver
Hessa-Borgund heimetenestedistrikt, Ålesund kommune
Sted
Ålesund, Ålesund