Hopp til innhold

Barnehagelærar i 80% vikariat ved Søre Grindstugu barnehage 2025-26

Arbeidsgiver

Søre Grindstugu Barnehage

Sted

Edv.Stormsveg 2, 2680 Vågå

Om jobben

Oppstart
7. desember 2026
Stillingstittel
Barnehagelærer
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest torsdag 10. september

Frå 7.desember 2026-- 18.mars 2027 er det ledig 80 % stilling som barnehagelærar i eit svangerskapsvikariat med moglegheit for tidlegare start.

Søre Grindstugu barnehage er ein fem-avdelingsbarnehage: Marihøna 1 år, Ekornet 2- 3 år, Haren 3- 4 år, Rådyret 4 år og Elgen 5 år.

Arbeidsoppgåver
  • Vere ein god rollemodell som er aktiv i relasjonsarbeidet med barna

  • Medansvar for endrings -- og utviklingsarbeid

  • Vere ein god rollemodell i leik

  • Vere observant og kunne inkludere og hjelpe barn inn i leik

  • Bidra aktivt til eit nært samarbeid mellom heim og barnehage

  • Samarbeide med kolleger om å løse barnehagen sine oppgaver

  • Foreldresamtaler

  • Vere i to -spann med pedagogiskleiar

Kvalifikasjonar
  • Bachelor som barnehagelærar

  • Kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg

  • Studentar er velkomne til å søke

Personlege eigenskapar

Vi verdsett mangfold, der alle involveres og tek ansvar i utvikling av barnehagen, samtidig ynskjer vi at du:

  • Har evne til å ha ansvar i pedagogisk arbeid i barnegruppa

  • Har gode samarbeidsevner og kan samarbeide godt i eit team

  • Kan arbeide sjølvstendig og i lag med andre i arbeid mot felles mål

  • Har eit glødande engasjement for barna

  • Er oppteken av kunnskap og vidareutvikling av barnehagen.

  • Ønsker å bidra til utvikling gjennom refleksjon og forbetring av praksis

  • Har uteglede og har evne til å inspirere barna

  • Har ei helse som er forenlig med arbeidets art

Vi tilbyr
  • Eit godt arbeidsmiljø

  • Kunne påverke eigen arbeidskvardag og barnehagen sin faglege utvikling

  • Fine lokal og uteområde med stor variasjon der barna opplev meistring

  • Lønn etter sentrale avtaler og Vågå kommunes lokale avtaler

  • God pensjonsordning

Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.

Søknadsfrist: 10.september 2026

Nærare opplysingar får du ved å kontakte konstituert styrar:

Siv Kristin Paulsen; mobil: 95 28 11 06 e-post: siv.kristin.paulsen@vaga.kommune.no

Søknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema. Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.

Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.

Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.

Kontaktperson for stillingen

Siv Kristin Paulsen

Fungerande styrar

95281106

siv.kristin.paulsen@vaga.kommune.no

Om bedriften

Alle barn og unge i Vågå skal oppleve at dei har eit trygt, godt og inkluderande oppvekst- og læ ringsmiljø for å unngå at dei fell utanfor i skule, barnehage og på fritida. Vågå kommune skal ha ein solid kultur for inkludering og fellesskap for alle barn gjennom gode oppvekstvilkår og gode arenaer for læring og utvikling .
(Handlingsplan for førebygging og tidleg innsats i Vågå).

Søre Grindstugu barnehage er ein fem-avdelingsbarnehage: Marihøna 1 år, Ekornet 2 år, Haren 3 år, Rådyret 4 år og Elgen 5 år. Fokusområdet til barnehagen er inkludering i leik.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

630e2d4b-d8c9-443b-93aa-f9f27af67bf6

Sist endret

18. august 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

630e2d4b-d8c9-443b-93aa-f9f27af67bf6

Lignende annonser

Laster lignende annonser