Barneverntenesta
Øygarden kommune Barneverntenesta
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
Om jobben
- Stillingstittel
- Juridisk rådgjevar 100% fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 2. januar
Vi søkjer deg som vil jobbe i ei barnevernteneste med høg kvalitet og fokus på utviklingsarbeid.
Er du:
• engasjert i heilskapleg tenking kring barn og familiar
• fleksibel og løysingsorientert
• glad i å spele på lag og oppteken av å vere ein god lagspelar
Om avdelinga:
Barneverntenesta er organisert saman med skule, barnehage, helsestasjon og PPT under kommunalsjef for Oppvekst. Barneverntenesta omfattar 60 stillingar og er inndelt i team.
I tenesta er det stort fokus på å utvikle sjølvstende gjennom teamarbeid. Vidareutvikling av samhandlingskompetanse på tvers av dei ulike hjelpeinstansane skal gjennomsyre kommunen sitt samla tenestetilbod.
Arbeidsoppgåver:
• Sakshandsaming og klagehandsaming i tråd med lov om barnevernstenester
• Sakshandsaming av innsynsbegjæringar
• Råd og rettleiing i juridiske problemstillingar til leiarar og tilsette i tenesta
• Juridisk bistand i beslutningsprosessar
• Internkontroll, opplæring, rutineutvikling og avvikshandtering
Juridisk rådgivar vil ha eit fagleg fellesskap med kommuneadvokaten, i den forstand at rettleiing i utgangspunktet blir utført av kommuneadvokaten.
Arbeidsoppgåvene skal utførast innanfor fleksibel arbeidstid. Arbeid på ettermiddag og kveld må påreknast.
Kvalifikasjonar:
Må ha:• Bestått juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap
• Arbeidsoppgåvene føreset godt skjønn og djup forståing av juss
• Gyldig politiattest ved tiltreding
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
• Førarkort klasse B
• Relevant erfaring frå barnevern eller annan relevant forvaltningserfaring
• Grunnleggjande IKT-kompetanse
Personlege eigenskapar:
• Du er nøyaktig og kvalitetsmedviten
• Du har høg grad av respekt for menneske i vanskelege livssituasjonar
• Du er fleksibel og har gode samarbeidsevner
• Du toler høgt arbeidspress og arbeid etter lovpålagde fristar
• Du evnar å jobbe heilskapleg og strukturert, både sjølvstendig og i team
• Det blir lagt avgjerande vekt på kven du er som person og korleis du passar inn i personalgruppa vår.
Vi tilbyr:
• Tett rettleiing frå kommuneadvokat
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• IA-bedrift
• Fleksitidsordning
• Motiverte og kunnskapsrike kollegaer i eit godt fagmiljø
• Interessante utfordringar
• Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Einingsleiar Hege Gundersen, tlf. 934 84 846
E-post: Hege.Gundersen@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6308deee-0708-4dcb-ba55-c77998d02e33
- Sist endret
12. desember 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3574525_192483_nn
Lignende annonser
Jurist, 100% Vikariat
Arbeidsgiver
Bergen fengsel
Sted
Hylkje
Sjukepleiar 100% fast stilling
Arbeidsgiver
Øygarden kommune Straume bu og servicesenter
Sted
Straume
Arbeidsgiver
Gulating lagmannsrett
Sted
Bergen