Hopp til innhold

Fastlege ved Selje legekontor

Arbeidsgiver

Helse, Stad kommune

Sted

Seljetunvegen 11, 6740 Selje

Om jobben

Stillingstittel
Fastlege ved Selje legekontor
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. november

Fastlege / ALIS til Selje legekontor
Ønskjer du ei trygg og god inngang til allmennmedisin? Stad kommune tilbyr stilling som ALIS (Allmennlege i spesialisering) med tett oppfølging, gode rammevilkår og eit sterkt fagmiljø. Vi søkjer no fastlege til Selje legekontor, og både ALIS-legar og spesialistar i allmennmedisin er velkomne til å søkje. Vi ønskjer også søknadar frå legar som er interesserte i vikariat både til Selje og Eid legekontor. 
Stad kommune har dei siste åra arbeidd målretta for å redusere arbeidsbelastninga og skape ein betre arbeidskvardag for fastlegane våre. Vi ønskjer å utvikle legetenesta vidare i tett samarbeid med legane, og søkjer deg som vil vere med på laget.  Listelengd på heimlane i Selje er mellom 800 og 900 pasientar, kommunen er opne for å opprette ein fjerde heimel i Selje .

Kvifor velje Stad kommune?
  • Tilrettelagt ALIS-løp med rettleiing og gode utdanningsvilkår
  • Ingen goodwill eller kostnader ved overtaking av heimel
  • Forsterka 8.2-avtale med gode økonomiske ordningar
  • Sterkt fagmiljø med kollegaer ved to legekontor
  • Moderne kontor med kommunalt finansierte lokale, utstyr og hjelpepersonell
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kommunale bistillingar

Om legetenesta
Stad kommune har to kommunalt drivne legekontor og 13 fastlegeheimlar. Ti fastlegar og éin LIS1-lege held til ved Eid legekontor, medan dei øvrige heimlane er ved Selje legekontor.
Fastlegane er sjølvstendig næringsdrivande, og det er ingen kostnader knytt til overtaking av heimel (ingen goodwill). Alle legane har forsterka 8.2-avtale, der kommunen held lokale, medisinsk utstyr og hjelpepersonell.

Gjennom avtalen er legane sikra:

  • økonomisk kompensasjon ved inntil 16 dagar fråvær grunna eigen eller barns sjukdom
  • økonomisk kompensasjon for inntil 10 kursdagar per år
  • godtgjersle for daglegevakter
  • spesialistar i allmennmedisin får utbetalt 35 % av basistilskotet, medan ALIS-legar disponerer 15 %. Resterande del av basistilskotet går til kommunen som del av finansieringa av ordninga.

Legevakt og kommunale oppgåver
Den kommunale daglegevakta måndag til fredag kl. 08.00–16.00 vert fordelt mellom legane. Kveld-, natt- og helgevakt er organisert gjennom interkommunal legevakt ved Nordfjord sjukehus.

Vaktbelastninga er om lag tre vakter per månad, med vaktlengde på inntil ni timar. Legane får fastløn for alle timane på interkommunal legevakt. Legevakta er alltid bemanna med to sjukepleiarar, og fem kommunale ØHD-sengeplassar er samlokaliserte med legevakta.

Det kan òg vere aktuelt med kommunale bistillingar etter gjeldande avtalar inntil 7,5 timar per veke.

Fagmiljø og utdanning
Legekontoret nyttar journalsystemet Infodoc frå EG.

På Nordfjordeid ligg Nordfjord sjukehus med indremedisinsk døgnavdeling, laboratorium, røntgen, skadepoliklinikk, distriktspsykiatrisk senter med døgntilbod og regional ruspost. Sjukehuset tilbyr også institusjonsteneste for ALIS-legar etter gjeldande utdanningsordning.

Enten du er på veg inn i allmennmedisinen eller er erfaren spesialist, tilbyr Stad kommune eit inkluderande kollegium, solide rammer og moglegheita til å vere med og utvikle framtidas fastlegeteneste.


Arbeidsoppgåver

  • Kommunen er vertskommune for interkommunal legevakt
  • 3-delt kommunal legevakt frå kl. 08.00 til kl. 16.00 på kvardagar. Resten av døgnet og i helgar om lag 26-delt legevakt knytt til Nordfjord legevakt med om lag 22 000 innbyggjarar

Kvalifikasjonar

  • Du må ha norsk autorisasjon som lege og fylle krava for refusjon frå HELFO
  • Gjennomført LIS-1 
  • Du må ha førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Gode kunnskapar i norsk - både munnleg og skriftleg
  • Evne til å skape gode relasjonar
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide målretta og sjølvstendig
  • Evne til å arbeide strukturert og på systemnivå
  • God fagleg vurderingsevne

Vi tilbyr

  • Godt opparbeidd allmennmedisinsk praksis i eit godt kollegialt fellesskap
  • God allmennmedisinsk rettleiing
  • Gode økonomiske vilkår
  • Flyttegodtgjersle 
  • Busette i Stad kommune i minst eitt år kan søkje Lånekassen om å få sletta delar av studielånet sitt

Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden. Vi ber om relevante referansar av nyare dato.

Politiattest skal leverast før start i stillinga.

Stad kommune har seks månadar prøvetid.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Ta gjerne kontakt for ein prat om stillinga!

Kontaktinformasjon

Linda Gotteberg, Einingsleiar helse, 41694203, linda.gotteberg@stad.kommune.no
Thomas Vingen Vedeld, Kommuneoverlege, 97 00 44 92, thomas.vingen.vedeld@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Seljetunvegen 11
6740 Selje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 5152103278
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.11.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Thomas Vingen Vedeld

Kommuneoverlege

97 00 44 92

thomas.vingen.vedeld@stad.kommune.no

Linda Gotteberg

Einingsleiar helse

41694203

linda.gotteberg@stad.kommune.no

Om bedriften

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

www.nordfjord.no/stad

www.hjartestad.no

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

62aeb89b-bab0-4b34-b68c-c085c9ad67d6

Sist endret

22. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

eec51bee9b964af6b5288e27831e87a8

Lignende annonser

Laster lignende annonser