Aktivisering og meistring
Vestnes kommune Eining for aktivisering og meistring
Myra 23, 6390 Vestnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikariat 2025 - aktivisering og meistring
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
30
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. mars
Aktivisering og meistring søkjer etter ferievikarar for perioden 09.06.25 – 17.08.25. Ferievikariatet har arbeidstid på dag/kveld og natt både aktiv og aktiv/passiv.
Krav til kompetanse
- sjukepleiar/vernepleiar og andre med 3-årig utdanning på høgskulenivå innan helse-, sosial, eller pedagogiske fag
- helsefagarbeidar, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar
Ufaglærte og studentar er også velkommen til å søkje.
For arbeid innan aktivisering og meistring er normalaldersgrensa 18 år, men vi oppmoder dei som fyller 17 år før ferieperioden tek til om å søkje.
Du må beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B1/B2. Må ha gode kommunikasjonsevne.
Aktuelle tenestestadar for aktivisering og meistring er:
Myrateigen
Skogly
Solstua
Vestneshaugen
Bakketun
Kariplassen A, B og C
Furulia
Skogheim
Skogvegen/Myratoppen
Arbeidsoppgåver
- ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
- utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk
- ivareta krav i høve dokumentasjon
- ivaretaking av tenestemottakarens behov for omsorg og innhald i kvardagen
- utføre arbeid og rutiner og gjennomføre prosedyrer i tråd med aktuelt lovverk
- ivareta krav i høve dokumentasjon
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn etter gjeldande avtaleverk
- vi har rekrutteringsløn til legestudentar og høgskulestudentar innan helse- og sosialfag, fysioterapeut og pedagogiske fag når dei går inn i stillingar/vikariat med arbeidsområde innan helse- og omsorg.
- gode pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale.
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- løn etter gjeldande avtaleverk
- vi har rekrutteringsløn til legestudentar og høgskulestudentar innan helse- og sosialfag, fysioterapeut og pedagogiske fag når dei går inn i stillingar/vikariat med arbeidsområde innan helse- og omsorg.
- gode pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale.
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
Som søkjar må du setje opp ønskja arbeidsplass etter prioritet. Du må presisere kva ferieperiode du ønskjer å arbeide . Det er ein fordel at søkjarane kan arbeide heile ferieperioden og heiltid. Ferievikariata har arbeid kvar 2. el. 3. helg.
Om du har søkt eller skal søkje ferievikariat i andre einingar i kommunen er det ønskeleg at dette opplysast i prioritert rekkefølge.
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2% av lønna i pensjonsinnskot. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjer kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarliste.
Vi ønskjer deg velkommen til å søkje
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Eining for aktivisering og meistring har 177 årsverk fordelt på ca. 300 faste tilsette og vikarar. Leiinga består av einingsleiar og 4 avdelingsleiarar. Eining for aktivisering og meistring skal legge til rette for enkeltindivid i døgndrift, avlastning, barnebustad og ambulante tenester. Eininga vil yte tenester til m.a personar med psykisk utviklingshemming, psykisk helse og rus og autismespekterforsyrringar.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2800161
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3431625_189853_nn