Bioingeniør
Mikrobiologi Hjelset, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 4, 6450 Hjelset, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Bioingeniør
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 24. mars
Klinikk for diagnostikk, Avdeling for medisinsk mikrobiologi, Mikrobiologi Hjelset har ledig vikariat som bioingeniør frå snarast.
Vi ser etter deg som ønskjer å bli ein del av ei engasjert avdeling der vi har fokus på best mogleg behandling for pasientane våre. Her blir du ein del av eit godt arbeidsmiljø med trivelege og positive kollegaer – perfekt for deg som vil jobbe i ei dynamisk avdeling i vekst!
Om oss:
Avdelinga vår utfører eit breitt spekter av laboratorieundersøkingar innan medisinsk mikrobiologi for sjukehusa og primærhelsetenesta i Møre og Romsdal, med seksjonar i både Hjelset og Ålesund. Vi er stolte av å tilby analyser og tenester utover standard repertoar, noko som har gitt oss eit rykte for høg kompetanse og førsteklasses service. Som bioingeniør hos oss, vil du bli del av eit kunnskapsrikt og inkluderande fagmiljø, der du får høve til både fagleg utvikling og til å bidra til det viktige forbetringsarbeidet vi driv med kvar dag. Sjå gjerne nettsida vår for meir informasjon om avdelinga vår her.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Laboratorieundersøkingar innan medisinsk mikrobiologi, med særleg vekt på infeksjonsimmunologi, genteknologi og bakteriologi/mykologi.
- Service og samarbeid med sjukehusa i fylket og primærhelsetenesta.
- Moglegheit til å jobbe med avanserte diagnostiske metodar i ei avdeling som set kvalitet og utvikling høgt.
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør med norsk autorisasjon eller tilsvarande biofagleg utdanning på bachelor-nivå.
- Flytande norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Erfaring innan mikrobiologi/molekylærbiologi eller relevante diagnostiske metodar er ein fordel.
- Interesse eller erfaring med IKT er eit stort pluss.
Personlege eigenskapar
- Ansvarsbevisst, nøyaktig og strukturert, med god evne til sjølvstendig arbeid.
- Fleksibel og endringsvillig, samt motivert for systematisk arbeid i ei avdeling i stadig utvikling.
- Gode samarbeidsevner og evne til å bidra til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Eit sterkt tverrfagleg samarbeid.
- Ein inkluderande og utviklande arbeidsplass.
- Løn etter gjeldande tariffavtalar.
- Medlemskap i ei god offentleg pensjonsordning med fordelaktige forsikringsvilkår.
- Krevjande, varierte og interessante arbeidsoppgåver i eit helseføretak og ei avdeling i omstilling og utvikling.
Kontaktinformasjon
Cecilie Eikrem Myklebust, SeksjonsleiarArbeidssted
Opdølvegen 46450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4933496181
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 24.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Cecilie Eikrem Myklebust
Seksjonsleiar
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2885526
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2bb68eaf925c4030ac1b2cf9d3075bae