Hopp til innhold

Vil du jobbe med EU sitt klimakvotesystem for maritim transport?

Arbeidsgiver

Miljødirektoratet

Sted

Grensesvingen 7, 0661 Oslo

Om jobben

Stillingstittel
80-2026 KKS - Rådgjevar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. november

Om stillinga

Er du interessert i å jobbe med ei av dei største utfordringane samfunnet står i? Vil du bidra til at viktige klimatiltak og verkemiddel blir følgde opp på ein god måte? Har du lyst til å jobbe med EU sitt klimakvotesystem for skipsfart i Noreg? Er du og interessert i maritim sektor, kan dette vere stillinga for deg.

Klimakvotesystemet er ein av hjørnesteinane i klimapolitikken til både EU og Noreg. I denne stillinga får du vere med på å utvikle og forvalte klimakvoteregelverket for maritim transport i Noreg. Du vil følgje opp EU-regelverk og få innsikt i teknologiutviklinga i maritim sektor. Arbeidskvardagen vil vere variert, og du blir ein del av eit tverrfagleg og engasjert miljø.

Seksjon for klimakvoteregisteret og skipsfart (KKS) er éin av sju seksjonar i klimaavdelinga og éin av tre seksjonar som arbeider med EUs kvotesystem. Arbeid med kvotesystemet krev tett samarbeid på tvers av avdelinga.

Stillinga har arbeidsplass på kontoret vårt sentralt på Helsfyr i Oslo.

Stillinga er eit vikariat på eitt år. 


Dette skal du jobbe med

  • utvikle forvaltningspraksis for maritim transport i EU sitt klimakvotesystem, mellom anna gjennom samarbeid med EU-kommisjonen
  • setje i verk, forvalte og handheve regelverk på klimaområdet
  • følgje opp rapportering og rettleie skipsoperatørar
  • samarbeide med eksterne aktørar 

For å kunne gjere denne jobben må du

  • ha fullført utdanning på mastergradnivå. Teknologiske, naturvitskaplege og samfunnsvitskaplege fag kan vere relevante. 
  • ha noko relevant arbeidserfaring
  • ha erfaring med regelverksarbeid, kontroll, handheving eller utøving av offentleg myndigheit
  • skrive og kommunisere godt på norsk og engelsk.

Det er ein fordel om du har kunnskap om maritim sektor eller erfaring med klimaarbeid frå industri, luftfart eller skipsfart.

og vere ein person som

  • er analytisk, strukturert og nøyaktig, med evne til å sjå samanhengar og heilskapen
  • handterer fleire oppgåver samtidig og trivst med eit tidvis høgt arbeidstempo
  • sikrar framdrift, er løysingsorientert og leverer resultat til rett tid 
  • er komfortabel med å utøve offentleg myndigheit og med oppgåver som inneber forvaltning av regelverk
  • trivst både med å jobbe sjølvstendig og saman med andre
  • er god på å etablere og halde ved lag gode relasjonar.

Vi tilbyr

  • eit eittårig vikariat som rådgjevar, med lønn frå kr 600 000 til kr 740 000, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar. 
  • spennande arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • moderne kontorfasilitetar og moglegheit for avtale om heimekontor
  • eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert trening i arbeidstida
  • fleksible arbeidstidsordningar og pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse.

Spørsmål om stillinga og korleis du søkjer

Har du spørsmål om stillinga eller arbeidsoppgåvene, kan du kontakte seksjonsleiar Herdis Laupsa på e-post herdis.laupsa@miljodir.no.

Oppgi referansenummer 80-2026 KKS når du tek kontakt.


Generelle opplysningar

Du må søkje på stillinga via Jobbnorge.no. Der svarar du på norsk på spørsmål knytte til interessa di for og kompetansen din til stillinga. Du skal ikkje skrive ein tradisjonell søknad. Legg ved relevante attestar og utdannelse tatt i utlandet. Vitnemål for utdannelse tatt i Norge må du laste opp i Vitnemålsportalen.

Søkjarlistene blir offentlege når søknadsfristen har gått ut. Om du ikkje ønskjer å stå på den offentlege søkjarlista, må du grunngi kvifor. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje tek ønsket ditt til følgje, og du får høve til å trekkje søknaden din. 

Vi oppfordrar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjingar, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om dette på Statens arbeidsgivarportal. Avkryssinga blir også brukt i ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder har med i årsrapportane sine.

Meir informasjon om korleis vi handterer opplysningar om deg som søkjar, kan du finne i personvernerklæringa vår.


Kontaktperson for stillingen

Herdis Laupsa

Seksjonsleder

herdis.laupsa@miljodir.no

Om bedriften

Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Hovudoppgåvene våre er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining. 

Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har om lag 830 fast tilsette ved kontora våre i Trondheim, Oslo Svolvær og Tromsø, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor. I tillegg har vi om lag 130 deltidstilsette rovviltkontaktar over heile landet. 

Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene i Miljødirektoratet. Vi utviklar og følgjer opp regelverk, gir råd til Klima- og miljødepartementet, gjennomfører samfunnsøkonomiske analysar, overvaker og kartlegg artar, fører oppsyn og tilsyn, regulerer nasjonalparkar og naturreservat. Nokre oppgåver krev at tilsette med ulik fagkompetanse jobbar saman på tvers. På den måten sikrar vi størst mogleg fagleg tyngd i leveransane våre. Vi lærer av kvarandre og utviklar oss internt. Andre arbeidsoppgåver krev sjølvstendig jobbing. For å løyse samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, treng vi medarbeidarar i alle aldrar med ulike fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaringar og perspektiv. Er du kvalifisert til ei ledig stilling, oppfordrar vi deg til å søkje.

Sjå alle ledige stillingar i Miljødirektoratet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6232c199-f2a8-44dc-a057-d28a3e417e09

Sist endret

15. oktober 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10312806

Lignende annonser

Laster lignende annonser