Sjukepleiar/ operasjonsplanleggar
Ortopedisk og medisinsk poliklinikk Lærdal, Helse Førde
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar og Operasjonsplanleggar
Oppstart
27. oktober 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. oktober
Ønskjer du å bu på ein liten plass med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lite lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte?
Vi kan hjelpe deg med å få draumen oppfylt!
Ortopedisk og medisinsk poliklinikk, Lærdal sjukehus har ledig :
80% vikariat ortopedisk poliklinikk kombinert med 20% vikariat i medisinsk poliklinikk frå snarast til 01.11.26
40% vikariat som operasjonsplanleggar frå 20.03.26 - 01.11.26
Stillinga inngår i team som planlegg operasjonar for fagområdet ortopedi.
Vi har frå før 80% fast operasjonsplanleggar som ein vil samarbeide tett med.
Stillingane er ikkje tenkt delt.
Lærdal sjukehus er ein del av Helse Førde HF. Lærdal ligg inst ved Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter.
Arbeidsoppgåver
Sjukepleiar poliklinikk- Assistere ved legekonsultasjonar og mindre prosedyrar
- Gi pasienten pre- og postoperativ informasjon
- Assistere ved skadepoliklinikk som innebær blandt anna; gipsing, sårstell, bandasje og suturfjerning
- Behandling av urologiske pasientar
- Assistere ved gynekologiske konsultasjonar
- Assistere og klargjere pasientar til ekkokardiografi, belastnings-ekg og holterpåkoblingar.
- Planlegge operasjonsprogram samt kalle inn til dagkirurgi og innlegging.
- Samarbeide med legar, operasjonsavdelinga, sengepost og poliklinikk for å lage gode pasientforløp
- Svare på henvendingar frå pasientar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Nytte Orbit og Dips til operasjonsplanlegginga
Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Erfaring: klinisk erfaring frå optopediske pasientar eller operasjonsplanlegging er ein fordel men ikkje eit absolutt krav.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling
- Gode IKT kunnskapar
- Må bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert i varetekne.
Personlege eigenskapar
- Må trivast i eit aktivt miljø med stadig nye utfordringar.
- Ønskjer ein medarbeidar som er positiv, serviceinnstillit, løysningsorientert og som tek utfordringar.
- Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team, gode samarbeidsevner er eit krav.
- Jobbe strukturert og målretta.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- God opplæring
- Triveleg arbeidsmiljø
- Stillinga er dagtidsstilling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
- Personalhytte på Filefjell
- Hjelp med bustad, oppgi i søknaden dersom det er ønskeleg
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anne-Malene Hande, Einingsleiar, +47 477 52 466Arbeidsstad
Sjukehusvegen 96887 LÆRDAL
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 5018666709
Stillingsprosent: 100, 40%
Vikariat
Startdato: 27.10.2025
Sluttdato: 01.11.2026
Søknadsfrist: 12.10.2025
Kontaktperson for stillingen
Anne-Malene Hande
Einingsleiar
+47 477 52 466
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
62305c28-db43-4ed6-ba17-1032e2841c41
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9320ee0193274186b8b7a830b29ef1fe