Geoteknikar
INV - Geo og skred, Vestland fylkeskommune
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Geoteknikar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 8. desember
Vi er ein av landets største byggherrer innan samferdsle, og vi har fleire spanande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem.
Geo og skredseksjonen er ein del av avdeling vegfag, ei avdeling med fokus på tverrfagleg samararbeid internt i eiga avdeling og i oppdrag for andre avdelingar i organisasjonen.
For å styrke vårt geotekniske fagmiljø på geo og skredseksjonen, søker vi no etter ein erfaren geoteknikar som med sin kompetanse vil bli ein sentral fagressurs når vi i framtida skal realisere spanande nye samferdsleprosjekt og utføre viktige drift- og vedlikehaldsoppgåver på våre fylkesvegar.
Geo og skredseksjonen består av eit kompetent fagmiljø innan geoteknikk, ingeniørgeologi, skred og vegteknologi. Vi er i dag 3 geoteknikarar, 7 ingeniørgeologar, 2 vegteknologar og 1 dak-operatør som er fordelt på våre kontorstadar i Leikanger, Voss og Bergen.
For denne stillinga vil kontorstad vere Bergen.
Arbeidsoppgåver
Som geoteknikar på geo og skredseksjonen vil du få ein arbeidsdag som fordeler seg mellom kontor og feltarbeid. Du vil få stort ansvar med utfordrande og interessante arbeidsoppgåver, men til gjengjeld gjev me deg mykje friheit og fleksibilitet i arbeidskvardagen. Me er oppteken av at du har ein fin balanse mellom jobb og fritid. Du vil bli del av eit stort og veletablert fagmiljø innan samferdsle som består av omlag 380 medarbeidarar innan fleire fagområder, og du vil jobbe med geotekniske prosjektoppdrag både innan planprosjekt, investering, drift og vedlikehald. Noko reiseaktivitet må påreknast.
Typiske arbeidsoppgåver vil vere:
- Geotekniske oppgåver knytt til vegar, tunnelar, bruer, ferjekaier og rassikring.
- Geoteknisk prosjektering og rådgjeving i alle planfasar.
- Planlegge feltarbeid, utarbeide borplanar og følgje opp grunnundersøkingar i felt.
- Fagleg rådgjeving og oppfølging av eige fagområde gjennom byggefase og vidare inn i drift-og vedlikeholdsfasen.
- Delta i beredskapsordning for skred og yte skredfagleg bistand ved akutte hendingar på veg
Hjå oss kan du forvente:
Arbeidsmiljøundersøkingar syner at vi har eit veldig godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar som trivst saman på jobb og utfordrar kvarandre fagleg. Vi har eit sterkt fagmiljø som er gode på kunnskapsdeling og inkludering, og det er gode mogelegheiter for både fagleg og personleg utvikling.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på masternivå frå universitet eller høgskule innan relevant fagområde.
- Relevant erfaring og gode resultat frå arbeidsområdet. Det vert stillt krav om minimum 5 års erfaring som prosjekterande geoteknikar.
- God kjennskap til og bruk av digitale verktøy.
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Førarkort kl. B.
Personlege eigenskapar
Som medarbeidar på geo og skredseksjonen forventar vi at du har gode samarbeidsevner og kan utføre arbeidsoppgåvene dine på ein sjølvstendig og systematisk måte. Du har stå-på-vilje og er god på å dele kunnskap med kollegaane dine. Vi ønskjer at du er initiativrik og modig, engasjert og resultatorientert, og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.Vi tilbyr
Hos oss får du:
- Ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- God tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- Variert arbeidskvardag og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
- Tillitsbasert leiing der du raskt vil få ansvar.
- Fleksibel arbeidstid.
- Attraktive pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter avtale.
- Heimekontor etter avtale.
- Nye og moderne kontorfasilitetar på alle kontorstader.
Har du spørsmål til stillinga eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å kontakte seksjonsleiar på geo og skredseksjonen - Stein Olav Njøs - på telefon; 95191855.
Kontaktinformasjon
Stein Olav Njøs, leiar, 95191855Arbeidsstad
Lars Hilles gate 225008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5214621671
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2026
Kontaktperson for stillingen
Stein Olav Njøs
leiar
95191855
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
60fb7c7d-83e1-42e1-8718-c794b95ad4bc
- Sist endret
24. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
604a0b7426ba419badf09873160e6893