Hopp til innhold

Forvaltning og støttetenestar

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Forvaltning og støtteteneste

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume

Om jobben

Stillingstittel
Vil du vere med og bidra til at menneske får, beheld og meistrar eigen bustad?
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. november

Vil du gjere ein forskjell i menneske sitt liv?

Bustadtenesta i Øygarden kommune søkjer ein engasjert og fagleg sterk buoppfølgjar i 100 % fast stilling.

Hos oss arbeider vi for at innbyggjarar skal få, behalde og meistre eigen bustad. Vi jobbar recoveryorientert og med inspirasjon frå Housing First, og vi trur på den enkelte sine ressursar og moglegheiter til utvikling og meistring.

Som buoppfølgjar får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du bidreg til å skape tryggleik, stabilitet og betre livskvalitet for menneske i utfordrande livssituasjonar. Arbeidet er på dagtid. 

Arbeidsoppgåver

  • Individuell buoppfølging med utgangspunkt i den enkelte sine mål og behov
  • Oppfølging av personar i kommunale mellombelse bustader
  • Støtte deltakarar til å etablere, behalde og meistre eigen bustad
  • Kartlegging, rettleiing og koordinering av tenester
  • Samarbeid med NAV, helse- og omsorgstenester og andre relevante samarbeidspartnarar
  • Deltaking i ansvarsgrupper, samarbeidsmøte og tverrfagleg arbeid
  • Dokumentasjon i tråd med gjeldande rutinar og lovverk
  • Bidra til utvikling av Bustadtenesta

Kvalifikasjonar

  • Bachelor innan sosialfagleg utdanning, til dømes sosionom, barnevernspedagog, vernepleiar eller annan relevant sosialfagleg utdanning
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • Norskkompetanse på nivå B2
  • Førarkort klasse B
  • God digital kompetanse

Det er ein fordel med erfaring innan bustadsosialt arbeid, NAV, psykisk helse- og rusarbeid, recoveryorientert praksis eller tverrfagleg oppfølging.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Har tru på menneske sine ressursar og moglegheiter
  • Byggjer gode relasjonar og skaper tillit
  • Arbeider sjølvstendig og strukturert
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Samarbeider godt med andre og bidreg positivt i arbeidsmiljøet

Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Ei spennande og meiningsfull stilling i ei teneste i utvikling
  • Engasjerte kollegaer og tverrfagleg kompetanse
  • Fagleg rettleiing og kompetanseutvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid og utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande avtaleverk

Om Bustadtenesta

Bustadtenesta arbeider for at innbyggjarar skal få, behalde og meistre eigen bustad. Tenesta tilbyr bustadsosiale tenester og buoppfølging til personar med ulike utfordringar, og arbeidet er forankra i brukarmedverknad, recovery og meistring.

Kontakt

Avdelingsleder Maria Yndestad: 94021859

Einingsleiar Monica F. Landro: 95808536

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Monica Førde Landro

+47 95808536

monica.landro@oygarden.kommune.no

Om bedriften

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

606f951c-4622-480b-bcb0-fe48b29381b4

Sist endret

22. oktober 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3671175_240839_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser