Ungdomsarbeidar
Sektor for samfunnsutvikling, Kultur
Rådhusplassen 5, 6060 Hareid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 25%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. september
Vi ser etter akkurat deg som likar at jobbkvardagen er variert og gjerne tek ei utfordring.
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsett, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML §14.2
Arbeidsoppgåver
Stillinga som ungdomsarbeidar er plassert i eininga for kultur. Stillinga er fast, og den er ledig frå snarast. Det kan vere høve til større stillingsstorleik.
Stillinga er i hovudsak knytt til ungdomsklubben, og du vil ta del i den daglege drifta. Opningstidene på ungdomsklubben er måndag – fredag 14.00 – 16.00, og kveldsope ein dag i veka. Det er også ope med aktivitetar i haust – vinter- og ei veke i sommarferien. Arbeidstida kan vi tilpasse og avtale nærare. Du må vere budd på kvelds- og helgearbeid, og arbeid med andre arrangement for ungdom.
Kvalifikasjonar
Det er ingen særskilde krav til formell kompetanse. Vi legg vekt på at du er personleg godt eigna til jobben, og ønskjer at du har god kjennskap til lokalmiljøet vårt.
Før du startar i arbeid må du levere godkjend politiattest av ny dato.
Personlege eigenskapar
- tydeleg og bevisst rolla di i miljøet
- hjarte for ungdomar
- samarbeidsvillig og kontaktsøkjande, god observasjonsevne, fleksibel og initiativrik
- gode kommunikasjonsevner
- evne til å bidra aktivt til ein god arbeidsfelleskap gjennom dialog, samarbeid og anerkjenning når det gjeld både kollegaer og ungdommar
Vi tilbyr
- faglege utfordringar
- varierte og spanande arbeidsoppgåver
- løn og arbeidsvilkår etter ei kvar tid gjeldande lover og avtaleverk
Du må søkje digitalt, og laste opp relevante vitnemål og attestar til søknaden din. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Aktuelle kandidatar kan bli kalla inn til intervju etter nærare avtale.
Intern søkjar
Dersom du ønskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Hareid kommune som er ufrivillig deltidstilsette jf. AML §14.3, eller andre forhold knytt til lover og avtaleverk som kan gi deg grunnlag for fortrinnsrett.
Tilsettinga skjer på vanlege kommunale vilkår. Aktuelle kandidatar kan bli kalla inn til invervju etter nærare avtale.
Hareid kommune praktiserer meiroffentlegheit ved tilsettingar. Jf. Offentleglova § 25 kan du som søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Om du ønskjer å reservere deg, må du opplyse om dette og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Du blir kontakta i forkant.
Kontaktinformasjon
Melinda Skeide, Einingsleiar, +47 41665873Arbeidsstad
Rådhusplassen 56060 HAREID
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sektor for samfunnsutviklingReferansenr.: 5016392250
Stillingsprosent: 25%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Melinda Skeide
Einingsleiar
+47 41665873
Om bedriften
GODE TENESTER - GLADE TILSETTE
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. Vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din. Du lastar opp dokumenta til søknaden din i Webcruiter.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6011954e-b4d0-4387-bc0b-b652e08b577e
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4201e50baa684768b5a05289803fb272