Ferievikarar - helsesekretær/sekretær
Serviceseksjon Nordfjord, Helse Førde
Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Oppstart
- 15. juni 2026
- Stillingstittel
- Ferievikarar helsesekretær/sekretær
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Ukedager
Serviceseksjon organiserer alle merkantilt tilsette ved Nordfjord sjukehus og består av 10 årsverk.
Eininga leverer sekretærtenester til medisinsk sengepost, medisinsk poliklinikk, radiologisk avdeling, skadepoliklinikken og avtalespesialistar med innkalling til poliklinikkane, telefoni og skriveteneste.
Eininga har også ansvar for id-kort, resepsjon og sentralbord.
Arbeidsperiode: 15.06.2026 - 09.08.2026. Søkjarar som kan jobbe heile perioden vert prioritert.
Arbeidstid: kl. 08.00 - 15.30.
Arbeidsoppgåver
- Resepsjon
- Telefoni
- Pasientadministrative oppgåver
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå arbeid i pasientsystemet DIPS og Sectra og kjennskap til medisinsk terminologi er ein fordel, men ikkje eit krav
- Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt
- Sjølvstendig og ansvarsbevisst
- Nøyaktig og løysingsorientert
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Samarbeide godt med andre, dele kunnskap og erfaring
- Personlege eigenskaper vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Relevant opplæring
#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Tjodhild Herstad Alsaker, Seksjonsleiar , (+47) 419 07 041Arbeidssted
Sjukehusvegen 146770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5099463565
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 15.06.2026
Sluttdato: 09.08.2026
Søknadsfrist: 06.04.2026
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
600fdab2-c09d-4947-8bda-b26213e88f36
- Sist endret
7. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ce9cc498e6b344df9cfa00ba81d5dbea